Sotrasambandet skulle vera Høgre sitt prestisjeprosjekt. Gjennom offentleg-privat samarbeid (OPS) skulle det byggjast både billegare, raskare og smartare. Tida har vist at prosjektet er alt anna enn smart.

Heller enn effektiv utbygging, har me fått ei rekkje brot på arbeidsmiljølova, ei forseinking på over 150 dagar, ein kostnadssprekk på fem milliardar kroner, og ein situasjon der utanlandske entreprenørar kranglar om kven som har skulda.

Heile situasjonen er komplisert og uoversiktleg, men i praksis er det ganske enkelt offentleg sløsing på sitt verste.

Dette kjem ikkje ut av ingenting. OPS er eit politisk val, og er driven fram av ei sterk ideologisk tru på at marknaden skal løysa oppgåver betre enn det offentlege. Privatisering gjennom OPS vart selt inn med vakre intensjonar: raskare utbygging, meir effektiv drift og mindre risiko for det offentlege.

Problemet er berre at når risikoen slår til, så tek ikkje marknaden ansvaret. Det er det fellesskapet som må gjera. Ansvaret blir spreidd så tynt at ingen eigentleg står til rette for det som går gale.

Kontrakten blei rigga på ein måte som gjorde det krevjande for norske entreprenørar å kunna levera tilbod.

Vi meiner ikkje at alle samferdsleprosjekt skal byggjast av det offentlege åleine. Private entreprenørar er heilt avgjerande for å byggja landet. Men det som gjer OPS-prosjektet på Sotrasambandet spesielt, er kor stort og omfattande det er. Kontrakten blei rigga på ein måte som gjorde det krevjande for norske entreprenørar å kunna levera tilbod.

Ein valde med opne auge ei løysing som i praksis skuva norsk næringsliv til side.

Det er heller ikkje slik at usemje om rekningar er uvanleg i byggjeprosjekt, men her har ein vald ein modell der både bygging og drift i mange år framover er samla i éin gigantisk kontrakt med store, utanlandske aktørar. Då aukar risikoen.

Det me ser no, er at så lenge kostnadane er føreseielege så ser det ryddig ut, men med ein gong det oppstår konflikt eller uvisse, er det det offentlege som sit igjen med risikoen.

SV har åtvara mot OPS-modellen i mange år. I 2017, då bompengeproposisjonen for Sotrasambandet var til handsaming i fylkestinget, peika me på at modellen gjer styringa svakare og kan gjera prosjektet dyrare enn nødvendig. Den kritikken fekk berre støtte frå Raudt. Resten var opptekne av framdrift enn å velja ein ansvarleg modell for utbygginga. I dag ser me konsekvensane av dette.

Når politisk redaktør i BA, Sølve Rydland, med rette peikar på at milliardkrangel er «ein del av konseptet», bør det få oss til å stoppa opp. For dersom me aksepterer dette, aksepterer me òg offentleg sløsing som normalen i store samferdsleprosjekt.

Det stemmer heller ikkje at alle slike prosjekt går over tid og kostnad, Ulrikstunnelen blei til dømes bygd på tid og fleire hundre millionar under kostnadsramma til Bane NOR.

Kritisk infrastruktur må byggjast med tydeleg offentleg ansvar, openheit og kontroll, ikkje som ideologiske eksperiment der rekninga til slutt hamnar hos fellesskapet.

For det er nettopp det OPS har blitt på Sotrasambandet: ikkje berre offentleg-privat samarbeid, men offentleg-privat sløsing.