Det seier Trygve Rønningen, programredaktør i TV 2.

Torsdag i førre veke vart TV-serien «Mord i Sogn» sleppt i sin heilskap på TV 2 Play. Første episode vart også vist på lineær-tv. Det viser seg at fleire har hatt lyst å sjå Game of Thrones-stjerna Kristofer Hivju som politi og Morten Abel som sogning.

Og det er sikkert nokon som har humra litt ekstra av framstillinga av «føkkings Førde».

Første episode har så langt blitt sett av nesten ein halv million sjåarar sidan torsdag.

– Vi har hatt store forventingar til «Mord i Sogn», og i vi er stolte av å kunne presentere norsk kvalitetsdrama til sjåarane våre, seier Rønningen.

Slik er sjåartala per måndag:

  • Ep. 1: 489.000 (TV 2 Play og TV 2 Direkte)
  • Ep. 2: 301.000
  • Ep. 3: 256.000
  • Ep. 4: 226.000

Rønningen trur at tala vil auke.

– At vi kan gå inn i påskehøgtida med ein norsk påskekrim, er stas. Serien har fått ein god start, og vi veit også at desse talla kjem til å auke ytterlegare inn mot, og gjennom, påska, seier han.

Les også

– Spøkte med at eg hadde slutta om eg ikkje fekk denne jobben

Les også

Hollywood-stjerna: – Vanvitig sentralisering

Les også

Ny storsatsing starta innspeling i Balestrand: «Mord i Sogn»