Litteraturfestivalen går av stabelen fyrste helga i mai. Styremedlem Johanne Scheen Jahnsen byr på mange godbitar denne våren. Eitt av dei meir spennande innslaga er opplesing av erotiske noveller frå samlinga «Attrå» på Samlaget. Den blir lansert 7. mai, men alt fem dagar før er den å få kjøpt på arrangementet i Bø.
Tolv noveller
Samlaget har invitert tolv skribentar til å servere ei erotisk historie. Ein av bidragsytarane i denne novellsamlinga er musikkesset og rikskjendisen Odd Nordstoga frå Vinje.
– Han blir ikkje til stades i Gullbring denne kvelden. Carl Martin Eggesbø, Monica Goksøyr og Maren Barlien vil lese opp sine bidrag i samlinga, fortel Johanne Scheen Jahnsen.
Vil ikkje røpe

HEMMELEG: Odd Nordstoga vil ikkje røpe kva han skriv om i novella som kjem i handelen på Bøker i Bø i mai.
Foto: Halvor Ulvenes
– Det stemmer at eg har skrive ei lita historie ja, skriv Odd Nordstoga i ein epost til Telemark Tidend, etter at avisa kontakta han om saka.
Nordstoga stadfester at han har laga ei skildring med dramaturgi.
– Da kan ein jo ikkje lette på sløret før det passar, skriv Odd Nordstoga som muntert legg til at den nok blir spennande for folk i Bø.
Flaut?
Johanne Scheen Jansen i Bøker i Bø meiner at novellesamlinga blir eitt av fleire høgdepunkt på Bøker i Bø.
– Eg trur denne lesestunda vil samle mange, og at folk ikkje synest det er flaut å vere publikum, seier ho.
Bygda er tema
Dei erotiske innslaget er nok det mest pirrande på årets litterære hending i midtfylket, men hovudfokuset er likevel på bygda. Bakgrunnen er at mange bøker som har kome dei siste åra handlar nettopp om slike små lokalsamfunn, og da passar det med slikt fokus i Bø, ifølgje Johanne Scheen Jahnsen.
Bygda blir belyst frå mange ulike perspektiv på festivalen som fyrste gong gjekk av stabelen i 2012.
Totalt er det 14 arrangement i år. Alf van der Hagen, Brita Gram Økland, Brynjulf Jung Tjønn, Carl Martin Eggesbø, Hallgrimur Helgason, Helga Flatland, Ingvild Hegge Eriksen, Johanne Scheen Jahnsen, Jonathan August Lengali, Lene Ask, Maren Barlien, Maria Lavik, Monica Goksøyr og Sigmund Løvåsen er alle deltakarar i år. Simon Stranger og Hilde Lindset kjem i tillegg til Litteraturhuset i Bøgata.
Opninga
Helga Flatland frå Flatdal og Seljord deltek på opningsarrangementet fredag 1. mai. Ho skildrar korpsmiljøet i den nyaste romanen «Så gjør vi så». Derfor passar det fint at Bø janitsjar er med på opninga. Etterpå er det konsert i Framstugo i Gullbring, med Maridalen og Lars Lillo Stenberg.
Laurdag blir det lesestund for dei minste på Midt-Telemark bibliotek.
Sundag kan publikum kose seg med filmsuksessen «Flåklypa Grand Prix, originalversjonen frå 1975, for å nemne eit anna innslag.
Samarbeider
Bøker i Bø samarbeider med mange for å få til eit best mogleg arrangement. Som vanleg er studentante på forfattarstudiet ved Universitetet i Søraust-Noreg med, i år 18 i talet. Vidare samarbeider litterauturfestivalen med Bø og Sauherad hagelag, Bø jazzklubb, Bø bok og papir og Filmsalongen. Dei siste åra har det delteke rundt 800 personar på dei ulike arrangementa.