– I dag er det betydeleg skredfare, og så skal den roa seg litt i morgon.

Det seier Karsten Müller, vaktleiar i NVE si skredvarslingsteneste Varsom. Når Sogn Avis ringjer onsdag ettermiddag fortel han at dei jobbar med torsdagsvarslinga. Varslinga for fredag er ikkje klar, men dei har nokre tendensar.

– Det er framleis ustabil i høgda og me har i Indre Sogn og i høgda i Jotunheimen, seier han.

Fleire tilrådingar

Åtvaringane han kjem med gjeld frå 1000 meter over havet og oppover.

– Det har vore nordleg vind, så det er sørvende heng ein må passa mest på, held han fram.

Han oppmodar folk om å følgja med på varsom.no, som oppdaterer varslinga gjennom påska. Han har fleire tilrådingar til folk som skal ferdast i fjellet dei neste dagane.

– Viss du kan, unngår du alt av skredterreng. Så er det lurt å vera fleire på tur, ha med skredsøkjar, spade og søkestang, seier han.

Snøskred kan losna der det er snø og 30 grader helling eller brattare. Sjølve skredet kan nå terreng som er slakare.

– Så må ein setja seg inn i lokale forhold. Ser du fareteikn, høyrer du drønn i snøen eller ser du skredaktivitet, så er det tydelege teikn på at det er ustabile forhold.

Kan verta betre

Onsdag er det ifølgje Müller regn høgt til fjells, noko som truleg øydelegg skiføret litt.

Les også

Finn fram paraplyen: – No kjem lågtrykk etter lågtrykk

– Det er venta regn opp til 1400 meter i kystnære område. Det er fuktig snø, og så søkk temperaturen etter kvart. Då vert det skare på toppen, og eg trur ikkje det er det ypparlegaste føret, seier han.

På fredag er det meld snø.

– Så det er grunn til å håpa vêret blir betre mot helga.