Lars Runar Bu i Statens vegvesen forklarar at vegbanen på riksveg 13 ved Tveisme skal masseutskiftast over ei strekkje på kring 350 meter. Han melder at riksvegen blir stengt i lengre periodar frå fredag 10. til måndag 13. april klokka 05:00.

Bu forklarar at arbeidet er lagt til helga for å effektivisere prosessen.

– Ved å gjera det denne helga, vert det meir arbeidsro, og jobben vert såleis korta ned, i motsetnad til å gjera jobben i vekedagane.

Arbeidet startar fredag 10. april og held fram til måndag 13. april klokka 05.00.

Fredag vil vegen vera open for kontinuerleg trafikk frå 07.00 til 09.00 og 15.00 til 17.00. Utanom dette blir det stengt i éin time, med opning kvar heile time for gjennomkøyring, tilpassa buss. Frå klokka 22.00 blir vegen heilt stengd fram til laurdag morgon.

Laurdag 11. april blir stengingane endå meir omfattande. Store delar av dagen vil vegen vera heilt stengd i lange bolkar, med berre korte periodar for gjennomkøyring, ofte ikkje meir enn 15–40 minutt. Vegen blir heilt stengd frå 19.30 laurdag kveld og ut døgnet.

Søndag 12. april held mønsteret med fleire lange heilstengde periodar fram, som frå 09.30 til 13.20 og 14.00 til 18.30, med få og korte opningar. Vegen blir heilt stengd frå 19.30 søndag til måndag morgon klokka 05.00.

Reisande blir sterkt oppmoda om å planleggja turen forbi Tveisme godt og å følgja med på skilting og informasjon frå Statens vegvesen.

Tveisme blir episenter for vegarbeid denne helga. Her er vegen utvida og får nye massar. Illustrasjon: Statens vegvesen

Slik vert stenging og opning

Fredag 10. april

07.00–09.00: Kontinuerleg trafikk

09.00–15.00: Stengd 1 time, open kvar heile time (vert tilpassa buss)

15.00–17.00: Kontinuerleg trafikk

17.00–18.50: Stengd 1 time, open kvar heile time (vert tilpassa buss)

18.50–19.00: Gjennomreise buss

19.00–22.00: Stengd 1 time, open kvar heile time

22.00–24.00: Heilstengd

Laurdag 11. april

24.00–08.15: Heilstengd

08.15–08.30: Kontinuerleg trafikk

08.30–12.00: Heilstengd

12.00–12.15: Kontinuerleg trafikk

12.15–15.15: Heilstengd

15.15–15.30: Kontinuerleg trafikk

15.30–18.50: Heilstengd

18.50–19.30: Kontinuerleg trafikk

19.30–24.00: Heilstengd

Søndag 12. april

24.00–08.00: Heilstengd

08.00–09.30: Kontinuerleg trafikk

09.30–13.20: Heilstengd

13.20–14.00: Kontinuerleg trafikk

14.00–18.30: Heilstengd

18.30–19.30: Kontinuerleg trafikk

19.30–05.00: Heilstengd

Les også

Riksveg 13: Bjotveit-tiltak utsett – Vegvesenet håpar på Nye Veier-midlar

Les også

Rv. 13: Nye Veier ser løysing på køproblemet – men når?