Det stadfestar vaktkommandør Frode Eide hos 110-sentralen Vest.

Det brann i terrenget både på Bryggja i Stad, Robjørgane i Stryn og på Sanden i Lærdal denne laurdagen. Alle brannane kom som følgje av bråtebrenning.

Det var aldro ikkje fare for verken menneske eller bygningar nokon av stadane, sa vaktkommandør Shahrooz Lahooti hos 110-sentralen Vest i halv eitt-tida og la til:

– Det er tydelegvis dagen for bråtebrenning.

Frode Eide ber folk tenke seg om før ein fyrer opp bål laurdag. Nokre stader er det ustabil vind.

Kva er bråtebrenning?

Bråtebrenning er ein gamal måte å rydde jord på. I våre dagar blir omgrepet brukt om kontrollert brenning av skogavfall på rydningsland og tørt gras, tørre kvistar og anna hageavfall.

Det er forbod mot å gjere opp eld i skog og mark frå 15. april til 15. september.

Kjelde: Store Norske Leksikon