– Det er stas, seier Maren Hjelmeseth Kirkeide til NRK.
Ho gjekk ankeretappen for Sogn og Fjordane på Røros søndag.
Stryningen gjekk ut som nummer fire, meir enn halvminuttet bak, men allereie etter éi runde hadde OL-vinnaren henta inn 1 minutt og 20 sekund.
I mål var Kirkeide over 20 sekund føre neste lag.
– Det var ei jækla god etappe av Maren, seier Karoline Erdal frå Førde, som gjekk andre etappe. Linnea Melheim Espe frå Nordfjordeid gjekk første.
Det var sterke vindkast under løpet, og det skal ha vore store forskjellar på ulike stader på standplass. Kirkeide hadde innskyting på skive 1 og måtte skru noko, medan andre litt lenger nede hadde skrudd opp til 10–12 knepp.
Det brukte ho til sin fordel, som vart avgjerande for gullet, ifølgje ho sjølv.
– Hadde eg ikkje visst om det, er det ikkje sikkert at eg hadde klart å kome utanom strafferunden på liggande, seier ho til NRK.
Pallen såg slik ut:
- Sogn og Fjordane Ssk 1 (Linnes Melheim Espe, Karoline Erdal, Maren Kirkeeide), 55:33.02.
- Oppland Ssk 1 (Ragna Fodstad, Eivor Melbybråten, Synne Owren), +22.13.
- Buskerud Ssk 1 (Tuva Aas Stræte, Linnea Winsvold, Frida Dokken). +26.2
Stafettgullet vart også Kirkeides tredje NM-gull denne helga. Fredag vann ho sprinten, og laurdag tok ho gull på fellesstarten.
Herrelaget til Sogn og Fjordane kom på 11.-plass, over 6 minutt etter gullvinnarane frå Oslo og Akershus. Laget bestod av: Johan-Olav Smørdal Botn, Ask Haughovd og Magnus Skeide Bakke.

Les også
OL-vinnar Kirkeeide tok NM-gull og kongepokalen

Les også
Heime etter OL-eventyret: – Heilt utruleg

Les også
– Eg har aldri hatt ei dotter som har tatt OL-gull før