Kven har ikkje drøymt om å headbanga til ei hardingfele eller å denga inn i folk i ein springleik-moshpit?
Oslo-baserte Gangar er bandet som skal lokka nye generasjonar til å visa djevelhorna sine. Med hardingfela i sentrum arrangerer dei tradisjonsmusikk med rock, metall og jazzelement, men primært dei to førstnemnde.
Sjangerkryssinga er ikkje banebrytande – og Gangar føyer seg inn i ei etablert folkrock-linje.
Spørsmålet er om dei lykkast med det.
Skilde sjangrar
Etter å ha lytta til «Dreng», deira andre album, er inntrykket mitt at folkemusikken og metallen stort sett kling åtskild.
Dei er som stri einingar i ein interessekonflikt.
Dette kjem til dømes fram i «Eg er liten eg». Her ligg metallelementa over, under eller ved sida av hallingen etter Olav Berge, framført på hardingfele og saksofon, men sjeldan integrert med han.
Slåttemelodien og riffinga verkar i stor grad uavhengige av kvarandre.
Likevel insisterer Gangar på å spela hallingen til bastant tromming og riff som tilsynelatande skal kle melodien. Det skapar eit uttrykk der slåtten nærast blir pressa gjennom og gir musikken eit preg av tvang.
Også utvalet av tradisjonsstoff er noko klossete.
Medan slåttemelodiane og songane er lystige, peiker dei dystre riffa eller den rå hamringa frå slagverket i motsett retning. Denne motsetnaden blir ikkje utvikla til ein produktiv kontrast, men opplevd som å vera i konflikt med einannan.
Kvifor har Gangar valt heller uskuldige og venlege melodiar som «Vossavalsen» og «Stabbmarsj» i staden for nifsare eller meir krenkande slåttemelodiar?
Det kunne passa betre til det barske og kompromisslause uttrykket deira.
BÅLFEST: Omslaget på albumet «Dreng».
Foto: Mikkel Brændsrød Bjørneboe / Grappa
Det skal seiast at det musikalske grunnlaget til Gangar er solid.
Slåttespelet til Mathias Thedens er stødig og berande, ofte godt underbygd av Oskar Linderberget på saksofon. Gitar, bass og trommer speler nådelaus metall med overtyding.
Bandet er openbert samkøyrt, med stramme arrangement og kontroll på det dei gjer.
Særleg dei progmetal-inspirerte partia vekker eit engasjement i meg. Til dømes dei rytmisk intrikate riffa i «Skomakerhallingen». Der ligg det eit overskot av speleglede og teknisk briljant faenskap.
Eg skulle berre ønskt at metallen og folkemusikken trengde djupare under huda på kvarandre – og braut fram som eit felles uttrykk.
Makta i eit riff
Eit godt riff kan opna himmelportar og bera ein heil låt. På fleire av låtane til Gangar er riffa så omstendelege at denne krafta går tapt.
I «Bom bom» dukkar det til dømes opp eit rått riff mellom slåttepartia. Dette fungerer særs godt for seg sjølv. Vekslinga mellom riff og slått er også vellykka.
Problemet oppstår når gitaren går inn som akkompagnement til melodien: Då blir lydbildet uoversiktleg, og det som fungerte bra kvar for seg, byrjar å skurra.
NOKO SOM SKURRAR: Med pent knytte tørkle står Gangar sine vrengde kroppar framfor ein blodraud bakgrunn, klare til å driva djevelhorna or folket.
Foto: Anine Desire / Grappa
Noko av det betre på plata finn ein ofte i avslutningane.
Det kan vera den destabiliserande langeleiken mot slutten av «Fjukan Rjukan», den Trondheim jazzorkester-aktige slutten på «Bom bom» eller det wonky gitaroppbrotet i «Vossavalsen».
Desse meir eksperimentelle slutningane vekker interesse og introduserer ein vilje til å leika som eg elles saknar på plata.
Store namn, lite involvert
Gangar har med seg ei rekkje gjestemusikarar på plata, som Tuva Syvertsen, Bare Egil, Synnøve Brøndbo Plassen og Karl Seglem.
Likevel set dei i liten grad preg på musikken.
Utover dei attkjennande stemmene får desse artistane lite rom til å bidra med sine styrkar og kvalitetar, og dei framstår heller som pressa inn i Gangar sitt eige uttrykk.
Dermed kjennest bidraga meir som eit påskot for å nå eit breiare publikum enn som reelle kunstnarlege samarbeid.
VISUELL PROFIL: Å posera i portalen til ei stavkyrkje er truleg ein smart marknadsstrategi for deira internasjonale satsing, men kanskje mindre kreativt og salbart for eit norsk publikum.
Foto: Anine Desire / Grappa
Gangar framstår først og fremst som eit liveband retta mot store rockehallar og eit publikum som ønsker fysisk trøkk.
I slike scenario kan bandet sikkert smitta folkemengder med sin høgenergiske råskap – og gjera folk galne etter hardbarka hardingfelespel.
Trøkket skin uheldigvis ikkje gjennom på albumet, der noko av temperamentet, humoren og råskapen forsvinn.
Om albumet
- Tittel: «Dreng»
- Artist: Gangar
- Sjanger: Folkemusikk
- Utgitt: 10. april 2026
- Plateselskap: Heilo
- Bidragsytarar:
Mattias Truell Thedens – hardingfele
Oskar Goedvriend Lindberget – saksofon
Richard Max – gitar
Jonas Thrana Jensen – bass
Henrik Dullum – trommer
Hei!
Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive?
Publisert
13.04.2026, kl. 10.50