– Eg har lært masse, og eg er imponert over det eg har sett i dag. Havbruk er ein viktig del av norsk industri.

Kronprins Haakon kom til Møre og Romsdal for å lære meir om norsk sjømat. For i juni reiser han til Japan i spissen for ein stor norske delegasjon.

Dei skal møte representantar for japanske styresmakter og sjømatorganisasjonar i Japan. Næringa ønskjer at kronprinsen skal snakke fram norsk sjømat.

Han har sjølve tatt initiativet til møtet med sjømatbedriftene og fekk spørsmål om dette har vore eit vaksenopplæringskurs.

– Ja, det har det absolutt vore, smiler kronprinsen.

  • Kronprins Haakon sitter blant passasjerer inne i et fartøy. Han er iført en mørk jakke over en lys skjorte og slips. Flere andre passasjerer sitter rundt ham, med ansiktene vendt i ulike retninger. Interiøret består av oransje seter og et gråblått tak. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Kronprinsen på laksesafari i Møre og Romsdal. Statsforvaltaren ved hans side.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon møter barn under besøket på Vikomar på Bud i Hustadvika

    Kronprins Haakon fekk også møte ungar under besøk hos ei bedrift.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon møter barn på Bud i Hustadvika

    Og fleire ungar.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon prøver ut teknologien under møtet med sjømatnæringa i Møre og Romsdal

    Han fekk og grille seg litt makrell.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • En mann i blå dunjakke sitter i en stol foran en dataskjerm på broen av et skip. Bak ham sitter flere personer, og en mann i mørk jakke ser mot kamera. Skipets interiør med vinduer er synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Og sitte på ei bru.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronsprins Haakon besøker Møre og Romsdal

    I blant måtte kronprinsen ha på seg redningsvest.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon går om bord i en båt iført en blå boblejakke og en redningsvest. Til venstre står en kvinne i brun frakk. Bak kronprinsen ser man flere personer med redningsvester. En kvinne i bunad står litt lenger unna. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Slik som her.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronsprins Haakon besøker Møre og Romsdal

    Det var fint vêr i Romsdal denne dagen.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon besøker Equinor i Stavanger. Han står sammen med Equinor-ansatte og ser på en skjermvegg. En ansatt forklarer noe for Kronprinsen. Flere personer er til stede i rommet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Her har kronprinsen fått av seg redningsvesten, og får sjå overvaking av laks.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon holder en laksefigur med blomster om bord på en ferge. Flere personer sitter og står rundt ham. Bildet er tatt inne i et passasjerområde på fergen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Med seg fekk kronprinsen ein laksefigur og blomar.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

  • Kronprins Haakon holder en blomsterbukett. Han står foran en vannflate og snødekte fjell. I bakgrunnen sees norske flagg. Et musiker i rødt antrekk er uskarpt i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Takk for besøket.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Rekord i 2025

I 2025 eksporterte Noreg totalt 2,8 millionar tonn sjømat til ein verdi av 181,5 milliardar kroner. Verdien av norsk sjømateksport har aldri vore høgare.

For bedriftsleiarane er dette ein unik til å få presenterte det dei held på med.

– Vi ønskjer å vise fram ein type teknologi som vi bruker for å løyse nokre av utfordringane vi har. Det gjeld mellom anna problemet med lakselus, seier prosjektdirektør Ole Andre Nordal i oppdrettsselskapet Hofseth.

En representant frå oppdrettsselskapet Hofset blir intervjua under kronprinsbesøket

Ole Andre Nordal i oppdrettsselskapet Hofseth fortel om utviklinga av ny teknologi.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ein interessert kronprins

Tendensen for norsk sjømateksport er tydeleg. USA er kraftig svekka. Eksporten til dei asiatiske marknadane aukar kraftig.

Det er særleg Kina som står sterkt, men også dei andre asiatiske landa blir viktige i åra som kjem.

Difor er Kronprins Haakon sitt besøk til Japan i juni viktig for sjømatnæringa. Sjømatbedriftene håper å få gode kort på handa i konkurransen om japanske kundar med kronprinsen sitt besøk til landet i juni

Det var ein kronprins som følgde godt med i timen i møte med sjømatnæringa. Og det var mykje kunnskap å ta med seg.

– Det er jo ulike teknologiar som blir utvikla no. Ein har for eksempel merder som går dypt, ned til 30 meter. Der er det mindre lakselus. Og så er det offshoremerder som er på gang. Så det er veldig mykje spanane og eg ville lærer litt om det.

Og kronprinsen sin interesse og nysgjerrige haldning blei godt mottatt.

– Det var veldig hyggeleg å snakke med kronprinsen. Han var spesielt interessert i korleis vi utviklar ny teknologi for å løyse dei utfordringane som næringa har, seier Ole Andre Nordal.

Vil ha frihandelsavtale med Japan

Styreleiaren i Norsk Sjømatråd, Olav Holst Dyrnes, meiner det er viktig at kronprins Haakon får mest mogleg kunnskap før han tar turen til Japan i spissen for ein stor norsk delegasjon i juni.

Men dette handlar ikkje berre om marknadsføring av norsk sjømat. Holst Dyrnes s tollbarrierane mellom Noreg og Japan.

– Det kanskje aller viktigaste er å få i gang diskusjonar om ein frihandelsavtale med Japan. Norsk sjømat har toll inn til Japan medan våre konkurrentar slepp toll eller tollen er i ferd med å bli trappa ned.

Kronprins Haakon med styreleder i Norsk Sjømatråd, Olav Holst-Dyrnes til venstre

Kronprins Haakon med styreleiar i Norsk Sjømatråd, Olav Holst-Dyrnes til venstre.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Gull verdt

Ferda gjekk vidare til Vikomar på Bud i Hustavika kommune. Dei tar i mot makrell og sild i store mengder som dei vidareforedlar til den utanlandske marknaden.

Men i dag handlar det først og fremst om makrellen som ein ønskjer skal få ein større plass i Japan.

Kronprins Haakon fekk grille makrell og deretter smake på delikatessa. Styreleiaren i Vikomar, Inger-Marie Sperre, meiner merksemda frå kronprinsen er gull verdt i arbeidet for å nå japanske kundar.

– Dette er bra. Dette er viktig for norsk sjømatnæring og for kysten vår. Det er viktig å få denne merksemda kring desse arbeidsplassane.

Styreleiar i Vikomar, Inger-Marie Sperre, sette stor pris på interessa frå kronprinsen under besøket i Møre og Romsdal.

Styreleiar i Vikomar, Inger-Marie Sperre, sette stor pris på interessa frå kronprinsen under besøket i Møre og Romsdal.

Grafikk: Frederik Winness Ringnes / NRK

Kronprins Haakon er optimist før turen til Japan. Under besøker i Møre og Romsdal fekk han med seg mange impulsar og mykje kunnskap.

Kronprinsen er imponert over teknologien han fekk sjå, og pågangsmotet i sjømatnæringa.

– Det er mange som er villig til å satse. Det er mange som er villig til å jobbe hardt for å få dette til. Og så er dei opptatt av å gjere det på ein berekraftig måte. Det verkar som dette sit i ryggmargen deira.

Kronprins Haakon følger godt med når sjømatbedriftene i Møre og Romsdal presenterer seg

Kronprins Haakon fulgte godt med når sjømatbedriftene i Møre og Romsdal presenterte seg.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert

13.04.2026, kl. 10.54

Oppdatert

13.04.2026, kl. 18.13