Dagleg leiar Yngvill Hopen (44) presser kroppen inn mot veggen for å smyge seg forbi hylla med spelprisar.

Ho lener seg mot vindauget mens ho kikkar på skjermen til medgrunnleggar Henrik Haugland (37).

– Du må vere sjukt sta og eigenrådig, seier ho.

Hopen er midt i å dele tankane sine om kor vanskeleg det faktisk er å overleve som spelutviklar her i Noreg.

– Du veit aldri heilt korleis det kjem til å gå. Men ein må berre gripe moglegheitene som kjem og kjøre på.

Turbulente år

Gamer.no møter Underling Games, tidlegare Henchman & Goon, i lokala på Kokstad i Bergen. Det skal godt gjerast å få plass til dei elleve som var med på å starte selskapet i 2012, her.

Oppstarten var noko tilfeldig.

Dei hadde studert saman, og ville helst ikkje flytte frå Bergen for å lage spel. Så dei sikra seg nokre oppdrag, starta eit selskap og følte seg litt fram.

Det første spelet deira, Flem, kom i 2015. Året etter blei selskapet delt opp.

Halvparten av staben hoppa av for å drive med programvareutvikling mot oljenæringa. Då var dei gong i gang med neste prosjekt.

Pode har blitt den verkeleg store hitten til Underling Games.

Underling

Hopen hadde lenge leita etter noko å spele saman med sonen sin, som var enkelt nok for han og spennande nok for henne. Det blei utgangspunktet for det prislønte gåtespelet Pode.

Historia skulle handle om venskap og samarbeid.

Spelet lanserte på Nintendo Switch i 2018 og PC i 2020. Men salstala var betydeleg lågare enn dei hadde forventa.

– Det var nok den tøffaste perioden i historia vår. Pandemien kom, og i stund begynte me å revurdere ting, seier Henrik Haugland.

– Veldig tungt

– Så, plutseleg, begynte Pode å selje, fortel han.

Haugland trur Pode forsvann litt i mengda i 2018.

– Det er eit nisjespel, og no har den nisjen funne oss og gitt oss spreiing over tid, seier han.

– Det verkar som merksemda har kome som følge av gratisappen Pode kids. Det gav me ut for å ha eit tilbod til dei aller minste, seier Hopen.

Henrik Haugland skulle eigentleg bli ingeniør. Det var heilt tilfeldig at han oppdaga at spelutvikling var ein mogleg karriereveg.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I dag er dei tre tilsette på prosjektbasis og fire medgrunnleggarar i sving.

– Det har vore veldig tungt i periodar. Til tider var det vanskeleg å sjå korleis det skulle gå, men me har klart å ta oss ein pust i bakken og prøve oss fram.

Stegvis har det gått betre og betre. Dei siste åra har vore rolege og behagelege, fortel Hopen.

– Framtida ser lys ut. Det er veldig deilig, seier Hopen.

Klar for å satse

Det har gått åtte år sidan bergensutviklarane lanserte sitt førre spel.

Sidan den gongen har dei starta på fleire nye prosjekt, men dei andre har foreløpig ikkje blitt noko av.

No går dei tilbake til røtene sine og skal lage oppfølgaren til Pode.

Dette er teknisk sett verdspremieren på Pode 2. Ikkje verst kva ein får med seg som lesar hos Gamer.no, då.

Etter lanseringa av Android-appen Pode Kids i 2022, har interessa for spelet auka kraftig.

– Det å lage ein oppfølgar har vore eit stykke nede på prioriteringslista. Men no er tida inne for å satse på dette, seier Haugland.

Pode 2 får eit budsjett på mellom 25 og 30 millionar kroner.

Dette blir ein direkte oppfølgar til historia i det første spelet, men det kan spelast utan å ha prøvd det første.

Fleire folk, større økonomi

Målet er å ha ein samarbeidsmodus over nett. Spelet skal bli vakrare, spelinga meir interessant.

Ambisjonen er framleis å treffe nisjen deira, men dei trur det er eit potensial til å nå mykje breiare ut denne gongen.

– Me går inn i dette med eit større team, betre økonomi, fleire støttespelarar og meir kunnskap. Produksjonsverdien skal opp, seier Hopen.

Det første spelet fekk fleire prisar. Håpet er at Pode 2 når langt fleire spelarar.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lanseringsdatoen kjem an på om – og eventuelt når – dei får sikra finansiering. I utgangspunktet har dei eit håp om å få ut spelet innan slutten av 2028.

– Dette er ikkje ei annonsering av lanseringsdatoen, altså. Foreløpig er dette ein ganske laus plan, seier ho.

Går ikkje utan

Kombinasjonen av auka inntekter frå Pode, ulike konsulentoppdrag og støtteordningar har heldt bedrifta flytande gjennom åra.

Gamer.no har gått gjennom norske støtteordningar frå oppstart, og fann at Underling har fått utbetalt 5,5 millionar kroner frå Norsk filminstitutt.

Inkludert regionale filmfond som Zephyr og Vestnorsk filmsenter har dei fått 8,45 millionar kroner. Det er omtrent det selskapet har hatt i omsetning frå 2021 til og med 2024.

– Me har tidvis vore heilt avhengige av støtte for å halde bedrifta i live, seier Hopen.

Yngvill Hopen har tatt ei rekkje konsulentoppdrag gjennom åra. Ho meiner det er viktig å ikkje sjå på det som eit nederlag å drive med noko anna enn spel. For selskapet har det vore nødvendig for å overleve.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ho syns det er flott at staten vil støtte bransjen, og ser det som eit viktig bidrag i å bygge ein norsk spelbransje.

– Me ville aldri kome så langt utan støtteordningane, seier Hopen.

Kan bli ei krykke

Ho ser ei framtid der fleire og fleire norske utviklarar vil kunne stå på eigne bein.

Men sjølv om NFI har spytta inn hundrevis av millionar i bransjen gjennom over 20 år, er det framleis sjeldan at norske spel utmerker seg nemneverdig internasjonalt.

– Eg syns bransjen kan ta sjølvkritikk. Me har kanskje vore litt meir redde for å satse fordi me har desse støttepengane. Me må ikkje ut og skaffe investorar, for me har fått lov til å vere meir kunstnarar enn forretningspersonar, seier Hopen.

Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dei meiner bransjen må ta meir risiko. For mange fagfolk forsvinn til utlandet, opplever dei.

– Me har det kanskje litt for godt her i landet, meiner Haugland.

– Men definisjonen av suksess er også ein faktor. Er ein ikkje suksessrik med mindre ein får ein hit i Minecraft-skala, eller er det nok å drive eit selskap i 14 år med eit stabilt grunnlag? spør Hopen.

Kva er essensen?

– Det er viktig å vite kva ein vil. For oss som eigarar har det vore like sentralt å ha ein fin stad å jobbe der me får lage det me vil, som det har vore å tene pengar, seier Haugland.

– Suksess for oss er å gi tryggleik til dei som jobbar i selskapet. Men det må også vere eit mål å bli økonomisk uavhengig, og då må ein tørre å satse for å kome til det punktet litt tidlegare, meiner Hopen.

Forma av støtteordningane speler ei sentral rolle i denne balansen.

Norsk filminstitutt støttar spel med utgangspunkt i kulturelle og kunstnariske vurderingar, og ikkje først og fremst næringsmessige omsyn.

Det er ei politisk bestilling.

Hopen og Haugland har jobba saman i 14 år og ser på selskapet som ein liten familie.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

NFI har også ei støtteordning vurdert etter marknadsforhold, som er for ferdigstilling av spel som allereie har fått støtte etter kunstnarisk vurdering.

– NFI gjer eit viktig arbeid, men eg saknar meir fokus på finans- og næringssektoren. Det trur eg er ein av grunnane til at norsk bransje slit. Alle augo er retta mot kultur, og ein må passe produktet inn i desse kulturelle boksane, seier Hopen.

– Mange føler eit behov for å tilby spela sine i ei norsk pakning. Eg trur også det hadde vore sunt å legge meir vekt på å bygge bedriftene og litt mindre på det kulturelle, seier Haugland.

– Det er trist

Begge meiner at spelbransjen bør få ei større del av oppgåva rundt å definere kva norsk spelkultur faktisk er.

– Norske spel treng ikkje vere mynta på Ivo Caprino, Thorbjørn Egner eller vikingtida. Me lagar norske, kunstnariske verk. Det er det som betyr noko, meiner Hopen.

Ho opplever at NFI deler dette synet med dei, men at kanskje framstillinga av støttekrava kunne vore litt meir romslege.

Haugland er den einaste som sit på kontoret noko særleg. Dei andre er stort sett på heimekontor.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Samtidig syns ho både kulturpolitikarane og NFI er flinke til å lytte.

– I botn er det fint at me anerkjenner spel som kunst og kultur. For vår del lagar me kunstnariske spel som gjerne passar ekstra godt inn i NFI sin modell, men sjølvsagt må ein finne kapital andre stadar også, seier Hopen.

– Så er det trist at ein ikkje har eit tettare samarbeid mellom kulturstøtteordningane og norske investorar.

Frykteleg vanskeleg

Teamet har jobba med Pode 2 sidan i fjor vinter, og driv no med å gjere ferdig presentasjonen av spelet til potensielle investorar.

Det er omtrent umogleg å finne investorar i spel her i Noreg, men Hopen fortel at fleire internasjonale aktørar har vist interesse.

Der kan norske utviklarar hamne i ein skvis.

– Støtteordningane skal bygge opp om norsk kultur, men samtidig må me ut av landet for å hente pengar, seier Hopen.

Det finst mange eksempel på storspel med element frå norsk kultur og historie, som for eksempel The Elder Scrolls-serien eller God of War. Pode er også tufta på norske forteljartradisjonar. Men Hopen meiner at det må vere større rom for å lage andre ting.

Ho er derimot optimist på eigne vegner.

– Etter 15 år i bransjen opparbeider du deg ein slags intuisjon på dette. Å ha eit så gammalt spel med ei såpass bratt auke i omsetning, er eit lite ess i ermet vårt for å hente midlar, seier Hopen.

Utviklarfamilien

NFI gav Underling 850.000 til utviklinga av Pode 2 i fjor. Det er med på å legge grunnlaget for utviklinga av prosjektet.

No jobbar dei hardt for å kome til neste fase, og då hjelper det å ha kollegaer ein har jobba med i årevis.

Etter 14 år er dei trygge på både prosessane og kvarandre.

– Eg er veldig nær min eigen familie, men på nokre område står eg endå nærare kollegaene mine. Slik sett er me ein familie heile gjengen, seier Haugland.

Han kunne ikkje funne ein betre arbeidsplass.

– Ein dum klisjé kanskje, men det følast slik, seier Hopen.

Pode 2 får fleirspelar over nett og er eit meir ambisiøst spel.

Underling

Det byr også på sine utfordringar. Med nye medarbeidarar er Hopen bekymra for at dei kan bli litt vel godt vande med sin måte å gjere på.

Altså humoren, korleis ein snakkar med kvarandre, dei uskrivne reglane.

Det prøver dei å ta omsyn til.

– Eg er utruleg glad i denne arbeidsplassen me har skapt saman. Å tene pengar er ikkje det viktigaste for oss, det er å jobbe for og med kvarandre, seier Haugland til slutt.