Fredag kveld skal forbipasserande ha kome over ein bil som skal ha rulla rundt utfor vegen.
Hendinga skjedde langs Sætrevatnet på fv. 5750 på Stadlandet. Politiet vart kontakta via AMK klokka 20.18.
Politiet meldte om hendinga klokka 23.52.
Ein mann i 60-åra var i bilen. Han skal vere oppegåande, men har fått eit kutt i hovudet, melder politiet.
Det var store materielle skader på bilen.
Politiet opprettar sak.