Det melder kafeen sjølv på Instagram fredag kveld.

– Lorenzo’s har no stengt dørene. 29. august var vår siste opningsdag, skriv dei.

Kaféen på Sørsida i Førde opna dørene i april i år. I sommar slutta dagleg leiar Charlotte Johannesen, som også gjorde at dei mista skjenkeløyvet sitt.

Tidlegare i august vart Daniel Hundershagen dagleg leiar og kafeen opna opp att etter sommarstenging og sjukdom.

Fredag kom nyheita at kafeen stenger dørene.

Eigar og styreleiar Lovro Mudrinic fortel til Firda at det var rett tid for å stenge dørene.

– Det viktigaste for meg er dei tilsette, leverandørar, kundar og huseigar. Eg såg at eg måtte ha meir økonomi til å få drifta til å gå rundt, noko eg ikkje hadde. Då var det viktigare for meg å stenge no, enn å bli tvungen til å gå konkurs seinare, seier han.

Mudrinic synest det er trist å måtte gi opp draumen og håpar at nokon andre vil lykkast betre.

– Det er sikkert nokon som er smartare enn meg der ute som vil få det til. Eg håpar at nokon andre prøver fordi området Sørsida fortener å ha eit yrande folkeliv, seier han.

Les meir om: artikkelemnene