Fisk og sjømat frå Måløy blir no litt meir miljøvennleg, melder Electrified AS i ei pressemelding.
Selskapet har inngått avtale om å kjøpe det som blir Noregs første elektriske tunglastebil frå den kinesiske produsenten Windrose. Avtalen set i gang eit nytt, heilskapleg transportkonsept for utsleppfri transport av sjømat med utgangspunkt i Måløy. Kontrakten vart signert under transportmessa på Lillestrøm denne veka.
Selskapet er starta av etablerte aktørar innan sjømat, transport, logistikk og teknologi i regionen. Bak satsinga står mellom anna Ervik Group, Thor Tenden Transport, MCT Transport, Sætren og Allbil (Toyota Nordfjord/Førde).
Selskapa har gått saman for å utvikle eit elektrisk transportopplegg for sjømat, med ambisjon om å setje ny standard for berekraftig logistikk med utgangspunkt i Vestland fylke og Sogn og Fjordane.
– Dette er eit vendepunkt. Vi går frå plan til handling og viser at utsleppsfri tungtransport er mogleg i praksis. Dette handlar om klima, konkurransekraft og framtidas logistikk, seier styreleiar Robert Ervik i Ervik Group AS i pressemeldinga.

Les også
Tek minibussertifikat for å frakte cruiseturistar: – Her må alle bidra!
Første steg er å etablere Måløy fryseterminal som ein elektrisk «hub» for sjømattransport, med ladestasjon og tilrettelegging for tyngre elektriske køyretøy.
– Valet av Windrose viser at vi tør å tenkje nytt, seier dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Tenden Transport og dagleg leiar Leif Magne Gil i MCT (Måløy Container Transport).

Leif Magne Gil i Måløy Container Transport, Rolf Olav Tenden i Tenden Transport, Rune Holtan i Windrose Norge AS og Justin Yu i Windrose – som satsar på kinesiske elektriske tunge lastebilar i Norge.
Begge driv i dag tradisjonell tungtransport, men har valt å møte framtidas krav til elektriske køyretøy gjennom samarbeidsselskapet Electrified AS. Dei forventar ein årleg reduksjon på CO2-utslepp på 50–60 tonn per køyretøy, og opptil 70 prosent lågare energibruk.
– Vi meiner Windrose representerer ein ny generasjon trekkvogner, bygt elektrisk frå botnen av, på same måte som Tesla gjorde i personbilmarknaden, seier dei.
Windrose er ein ny generasjon elektriske trekkvogner, med opptil 1.400 hestekrefter, og ei estimert rekkevidde i norsk drift på opptil 600 km. Batterikapasiteten er på 705 kWh.
Electrified arbeider også med eit parallelt konsept i Bergensområdet, og har opsjon på ein ekstra Windrose-lastebil så snart marknaden ligg til rette.
Windrose Norge AS er eit nystifta selskap med agentur for Windrose i Noreg, og Windrose Trucks er eit kinesisk oppstartsselskap (grunnlagt 2022) som utviklar elektriske langtransport-lastebilar.

Les også
Raudeberg kjempar vidare: Skule stenger, badeanlegg blir avvist – men bygdefolket nektar å knele

Les også
Audhild Viken vil ha ein del av cruisekaka i Måløy

Les også
Butikkane i Måløy jublar: – Viktig trafikk for oss

Les også
Kritiserte tryggleiken på Skulebas. No går han til sak mot fylkeskommunen

Les også
Takkar naudetatane etter brannen i Måløy
Vil du se neste video?
Kva dyr fanga han på viltkameraet?0:35
Tysdag morgon braut det ut brann i Vengengården i Måløy sentrum. Alle kom seg trygt ut, men bygget har fått store brann-, røyk- og vannskadar. Politiet har no starta etterforsking av årsaka.
