Like før klokka 22.00 måndag fekk Vest politidistrikt melding om at to personar på tur i Lotsberg-området nær Lote, hadde kome vekk frå stien.

Dei var på tur i eit bratt terreng.

Hovudredningssentralen vart varsla og det vart gjeve klarsignal for utkalling av frivillige for å hjelpe.

Politiet sende også ein patrulje for å koordinere oppdraget.

Klokka 01.50 var kvinnene henta ut i god behald, opplyser operasjonsleiar Jan Børge Misje.