Saka samanfatta:

  • Verdas første lukka laksemerd i stål blir produsert på Gossa i Aukra kommune.
  • Målet er å auke produksjonen, betre fiskevelferd og redusere miljøpåverknaden.
  • Lukka merdar kan eliminere lakselus og redusere smittepresset.
  • Teknologien er kostbar, men kan redusere utgifter knytt til lakselus og auke overleving.
  • Merdane skal vere ferdige til hausten og i bruk innan nyttår som utleigemerdar.
  • Det er håp om at suksess kan føre til masseproduksjon langs kysten.

På øya Gossa i Aukra kommune er historie i ferd med å bli skriven. Der blir nemleg verdas første lukka laksemerd i stål produsert i skrivande stund.

– Det er ganske betydeleg storleik, han skal romme ti tusen kubikk med vatn.

Gjermund Kvernmo Langset er dagleg leiar i Bauta Fishfarms, og står oppå ein av dei åtte stålpanela, som til slutt skal utgjere den første lukka stålmerden.

Nær ein halv million fisk kan få plass i den nye laksemerden.

Foto: NRK

Og målet er hårete: Dei vil auke produksjonen, få ei meir berekraftig framtid innan sjømatproduksjon, få betre fiskevelferd og redusere miljøpåverknaden.

– Me har rekna på cirka femti kilo fisk per kubikk vatn, då er ein på 500.000 fisk på ein kilo, seier han smilande.

To personer i verneklær sveiser metallkonstruksjoner i en stor industribygning. Begge har på seg vernehjelm og vernebriller. I bakgrunnen er det synlig annet industrielt utstyr og flere personer som arbeider. Lys fra sveisingen lyser opp området foran dem. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)En arbeider med verneutstyr bruker vinkelsliper i en fabrikkhall. Han har på seg mørk drakt, hansker, vernebriller og munnbind. Arbeidsstykket gir fra seg en sky av gnister. I bakgrunnen er det maskiner, reoler og materialer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Her jobbar dei med verdas første stålmerd.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Fisk som overlever er jo økonomisk gunstig

Lakseoppdrettsnæringa står overfor fleire utfordringar, både når det kjem til rømming og lakselus.

I tillegg til dette peiker Naturvernforbundet blant anna på at oppdrettslaksen utgjer ein trugsel for både villaksen og miljøet.

Sigurd Hytterød er fagsjef i Norske Lakseelver, som er ei foreining som støttar villaksen. Han er meiner det er heilt nødvendig at næringa tar steget vidare mot lukka merdar.

Sigurd Hytterød, forskar veterinærinstituttet,

Sigurd Hytterød i Norske Lakseelver er positiv til lukka merdar.

Foto: Eirik Haukenes

– Det største fordelen er at ein kan produsere oppdrettslaks utan lakselus. Då får ein eliminert smittepresset som er der i dag.

Han peiker på at ein blir kvitt utgifter knytt til nedkjemping av lakselus, og dersom ein har lågare dødelegheit vil meir fisk kunne bli sendt til slakt.

– Det er klart at det er ein dyrare måte å produsere på. Men slik eg forstår det, blir ein også kvitt ein del utgifter. Fisk som overlever er jo økonomisk gunstig, seier han.

Auke produksjonen

Bjørn-Vegard Løvik i oppdrettsselskapet Prophylaxia er også av dei som håpar at ein lukka stålmerd kan bidra til løyse problemet rundt lakselus.

– Det er jo dette med lukka teknologi og lukka oppdrett i sjø som er spennande å vere med på. Vi har allereie to lukka anlegg i drift i dag, så det overordna målet vårt er å gjenskape resultatet vi allereie har i denne merden.

Mann med hjelm og vernebriller smiler mot kamera. Han står foran et stort industrielt byggverk. I bakgrunnen er andre personer og et industrielt anlegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Bjørn-Vegard Løvik jobbar i Prophylaxia, der dei allereie har to lukka merdar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han påpeiker at lukka merdar er dyrare enn opne.

– Men vi håpar og trur framleis at det vil vege opp under dei negative påverkingane, seier han.

Merdane som blir bygd no, skal etter planen vere ferdig i haust, og i bruk innan nyttår.

Då som utleigemerdar, men håpet er at bransjen skal bli overtydd og masseproduksjon kan bli sett i gang langs kysten.

Verdas første laksemerd i stål, illustrasjon

Slik skal den lukka stålmerden sjå ut.

Illustrasjon: Bauta Group

John Arve Sundet er styreleiar, gründer og produksjonsleiar i BAUTA Group. Han håper dei kan utvide produksjonen.

– Vi har mange anlegg rundt oss der vi kan ta i bruk areal i dag, og produsere stålpanel for å stille saman til varige merdar, så vi kan produsere iallfall tretti i året berre i Noreg.

En mann i verne hjelm og vernebriller ser mot kamera. I bakgrunnen pågår sveisearbeid med gnister som spruter. Det er et verksted eller en fabrikkhall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

John Arve Sundet håpar å auke produksjonen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Publisert

28.04.2026, kl. 17.25