Lekkasje frå ein bil
Operasjonsleder Line Karlsen i Møre og Romsdal politidistrikt melde at det var lekkasje frå ein av bilane.
Politidistrikta har samarbeida tett i denne saka, og det var patruljen frå Stryn som blei sendt til staden.
Karlsen opplyser at det er store materielle skader på bilane.
– Trafikken blir dirigert forbi staden, melde operasjonsleiar Karlsen.
Ambulansepersonell undersøkte dei involverte.
– Ulykka framstår som mindre alvorleg, utover det kan vi ikkje seie noko om skadegrad, melde Karlsen.
To av dei involverte blei køyrde til sjukehus for sjekk.