IT-ekspert og rådgjevar Torgeir Waterhouse i rådgivingsselskapet Otte seier dette er ei problemstilling som gjeld alle.

– Utstyr må haldast jamleg oppdatert, og det kan vere lurt å ta ein omstart no. Det kan bidra til å fjerne uønskte aktørar frå systemet, seier Waterhouse til Nynorsk pressekontor.

Førre veke åtvara amerikanske NSA internett-brukarar i USA om å omstarte internett-ruterane sine, etter fleire dataangrep retta mot heime-nettverk, som stal personlege data. Dette var knytt til at også USAs føderale politi- og tryggingsetat FBI åtvara om at den russiske GRU-gruppa (militær etterretningsteneste) utnytta sårbare ruterar.

Også britane blei åtvara om at fleire russiske hackarar utnytta vanlege internett-ruterar til å stele personlege data.

Det har vore ein auke i angrep etter Russlands invasjon av Ukraina, og tryggleikssituasjonen er skjerpa.

Ved å oppdatere ruteren din blir feil oppdaga og retta.

– Det kan samanliknast med ein sykkel med hol i dekket – oppdateringa tettar holet, seier IT-eksperten hos Otte.

Samtidig er det ikkje gitt at éi oppdatering er nok.

– Ein må sjølv sørgje for å oppdatere eigne ruterar, samstundes som leverandørane har eit ansvar for å utvikle utstyret slik at det er lett å oppdatere og gjerne tilby automatisk oppdatering, seier Waterhouse.

I ein e-post skriv Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) at dei er kjent med at aktørar utnyttar heime-ruterar som eit ledd i å utføre cyberangrep mot norske verksemder. I 2023 åtvara dei om at SOHO-ruterar var brukte som ein del av angrepet mot Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa (DSS).

– Vi anbefaler å halde nettverkstilkopla utstyr oppdatert og å ikkje bruke utstyr som ikkje lenger tek imot sikkerheitsoppdateringar, skriv NSM til Nynorsk pressekontor.

(©NPK)