Thom Hell er ein veletablert norsk artist og låtskrivar med tre Spellemannprisar på merittlista.
Mange hadde valt å leggje turen til Flatøy for å oppleve den landskjente musikaren.

Thom Hell spelte konsert for 50 glade publikumgjester på Kulturboden.
Foto: Trond Spurkeland
Blant publikum var det ein vennegjeng som bestod av Bjarne Kaland, Liv Erstad, Irene Kaland, Terje Erstad, Maren Erstad og Steinar Erstad. Dei hadde teke turen heilt frå Austrheim og Holsnøy for å få med seg arrangementet.
– Vi synest det var koseleg å samle ein gjeng for å dra på konsert, seier dei.

Daria Bacvinka jobbar i kafeen fast og meiner det er veldig kult at Thom Hell har tatt turen.
Foto: Trond Spurkeland
Familiefolk og lokale fans
For fleire av gjestene vart konserten ei naturleg avslutning på fridagen. Trond Egil Knudsen og sonen Christer Knudsen fortel at dei kom til Kulturboden rett frå eit familiebesøk.
– Eg har høyrt han på radio og likar musikken hans, forklarar Christer Knudsen.

Trond Egil Knudsen og sønnen Christer Knudsen kom rett frå familiebesøk til konsert.
Foto: Trond Spurkeland
Også Robert Sagstad frå Frekhaug valde å bruke kvelden på livemusikk, og hadde teke med seg familien sin.
– Eg likar også veldig godt musikken til Thom Hell, fortel Sagstad.

Robert Sagstad frå Frekhaug tok turen med familien til konsert.
Foto: Trond Spurkeland
Rosar artist og publikum
Det var ikkje berre gjestene som såg fram til kvelden.
I kafeen på Kulturboden jobbar Daria Bacvinka fast. Ho uttrykte på førehand at det er stor stas å få eit kjent namn som Thom Hell til Flatøy, og lova at det ville bli god stemning.
Inne i konsertlokalet let publikum seg fenge allereie frå første akkord, og medgitarist Ronny Yttrehus sparte ikkje på krutet undervegs.

Barbro Sulebakk gler seg stort over kvelden.
Foto: Trond Spurkeland
Eigar av Kulturboden, Barbro Sulebakk, sat igjen med eit svært positivt inntrykk av gjennomføringa.
– Han gjorde mange ekstranummer og er ein artist med eit unikt og særdeles engasjert publikum, oppsummerer eigaren.