Arbeidarpartiet sitt siste framlegg om å innføre ei 16-års aldersgrense på sosiale medium er ikkje berre urealistisk, det er eit teikn på handlingslamming. Det verkar som at med ein gong AP får problem med noko dei ikkje heilt forstår, så er løysinga deira anten å gjere det ulovleg eller å setje ei urealistisk aldersgrense. I staden for å ruste oss til å meistre den digitale verda vi faktisk lever i, vel politikarane å låse døra og kaste nøkkelen.
Det store spørsmålet er korleis AP i det heile har tenkt å handheve eit slikt forbod. Til no har vi berre fått naive svar som ikkje heng saman med verkelegheita. I dag ser vi at sjølv 13-årsgrensa ikkje vert overhalden. Korleis skal lova plutseleg fungere betre berre ved å flytte grensa tre år opp? Forslaget er dømt til å feile, noko vi allereie ser i utlandet. I Australia har dei prøvd på noko liknande, og etter berre tre månader viser tala at det fungerer dårleg. Unge finn alltid vegar rundt tekniske sperrer, og eit slikt forbod fører berre til at aktiviteten flyttar seg til mørkare krokar av nettet som er endå farlegare.
Regjeringa sitt forslag framstår meir som eit forsøk på å tekke høglydte foreldregrupper enn ei løysing som faktisk gjer noko med problema. Om ein trur at ei 16-årsgrense fjernar grooming og skadeleg innhald, er ein meir enn berre naiv. Ein kan framleis sitje timevis på TikTok og YouTube utan å logge inn, men då mistar ein samstundes tryggleiksmekanismane som alderstilpassa innhald. Eller så flyttar aktiviteten seg over til dataspel, der risikoen for grooming er minst like reell.
Verifiseringsmodellen er i seg sjølv eit luftslott. Verken BankID eller App Store er gode nok løysingar slik dei fungerer no. Skal ein ha noko som faktisk fungerer, må ein i praksis innføre ei aldersgrense på heile internett med pass verifisering. Det er ei gryte med så mange prinsipielle utfordringar at regjeringa neppe har forstått kva dei rører i.
I eit moderne demokrati er sosiale medium dei viktigaste arenaene for debatt og informasjon. Ved å stengje ute alle under 16 år, nektar regjeringa i praksis ein heil generasjon moglegheita til å utvikle eigne meiningar. Det er både udemokratisk og gamaldags. I staden for å kaste seg over eit radikalt forbod, bør politikarane heller konsentrere seg om å handheve den eksisterande 13-årsgrensa på ein skikkeleg måte. Å auke grensa no er som å byggje ein ny etasje på eit hus der grunnmuren allereie har rasa saman.
Medan regjeringa vil kontrollere og forby, har Frp og FpU ein heilt annan innfallsvinkel. Dei seier klart nei til dette symbolske forbodet. I staden for statleg overstyring og urealistiske aldersgrenser, vil Frp satse på digital danning, betre førebygging og å gje foreldra tillit til å ta eigne val for sine barn. Vi treng politikarar som forstår den digitale kvardagen, ikkje politikarar som trur at eit forbod løyser alt.
I staden for å ta seg tid til å gjere dette skikkeleg, vel regjeringa ein lettvint og ubrukeleg snarveg som ikkje gjer kvardagen til norske barn og unge noko tryggare.