Av Kjell Einar Skrede:
Eg trur nokon og einkvar sette kaffien i halsen då ein kunne lese i Fjordabladet at ordførar Judith Kvåle trekte inn Politiets Sikkerhetsteneste, PST, i samband med ein underskriftsaksjon i Selje.
Det er mange ting å seie om ordføraren sin reaksjon. For det første roar ho ikkje ned situasjonen med bekymringane folk i ytre delar av kommunen har når det gjeld tenestene for helse, velferd og skule. Folk må få lov til å vere bekymra utan å bli mistenkeleggjorde.
For det andre bør ordføraren ha svært gode grunnar til å nemne PST i same andedrag som ho kritiserer ein folkeaksjon. Ho bør tenkje seg grundig om før ho trekkjer inn i diskusjonen ei grein av politiet som arbeider for å avdekke svært alvorleg kriminalitet. Som vår øvste folkevalde har ho eit særskilt ansvar for å kommunisere på ein klok måte.
For det tredje må ein ordførar ha både politiske og sosiale antenner i sitt møte med andre politikarar, media og innbyggjarar generelt. At folk blir urolege når kommunen skal få ein anstrengt økonomi til å gå i hop er fullt forståeleg. Då må prosessane som er politisk- og administrativt styrte vere ekstra gode.
Politisk leiing, med ordføraren i spissen, har ansvar for å styre prosessane på ein god måte. Politisk leiing har òg ansvar for å korrigere det administrative arbeidet dersom dette ikkje er godt nok. Det er politikarane som bestemmer politikken til sjuande og sist og ikkje administrasjonen. At kommunen er politisk styrt skal vere det viktigaste fundamentet i gode prosessar.
For det fjerde bør ein ordførar og folkevald forstå rolla si. Både politikarane og administrasjonen er tenarar av folket og har plikt til å lytte til sine veljarar. Som ordførar må du finne løysingar som tek omsyn til og tek vare på dei som valde deg. Det er di plikt å leggje til rette for at velgjarane blir høyrde og dregne med i viktige saker som berører folk i kvardagen. Prosessane før viktige avgjerder må sikre at folket som valde deg blir høyrde. Hvis dette ikkje er tilfellet har du ikkje gjort jobben din som ordførar. Du burde ønskje engasjement og underskriftslister velkome, istadenfor å prøve å leggje munnkorg på veljarane. Dersom du som ordførar møter folkeleg engasjement i form av underskrivslister og lesarbrev i lokalavisa med sinne, frustrasjon og fordekte truslar om PST, då vil eg påstå at du ikkje forstår di rolle som vår øvste folkevalde.
Noko av det flottaste i våre bygder og i vår kommune er når innbyggjarane engasjerer seg lokalt og startar dør-til-dør-aksjonar og underskriftsaksjonar.
Ingenting er betre enn at folk engasjerer seg i bygdene sine. Apati er motstykket til engasjement, og dersom folk gjev opp har politikken spelt fallitt. Dit vil vi ikkje. Sterke leiarar ønskjer engasjement og endå til kritikk og motstand velkomen, svake leiarar tåler ikkje kritikk. Det å i heile teke nemne Politiets Sikkerhetsteneste i samband med den nemnde underskriftsaksjonen er så usmakeleg og umusikalsk at eg har vanskar med å finne ord.
Ordføraren har ein stor jobb å gjere dersom ho skal rette opp att denne skandalen. Det går på tilliten laust.