Naudetatane fekk melding om hendinga klokka 17:25 via AMK.

Motorsykkelen køyrde i autovernet. Ambulanse med lege, brannvesen og politi rykte ut til staden, men livet stod ikkje til å redde.

– Ein godt vaksen mann er omkomen på staden. Varsling av pårørande pågår no, opplyser innsatsleiar i politiet, Rune Vedeler.

Ingen mistanke om høg fart

Den omkomne var ein del av eit lite følgje med motorsyklar då ulykka skjedde.

Fleire vitne har blitt følgde opp av politi og helsepersonell på staden. Politiet har gjennomført tekniske undersøkingar, målt opp spor og sjekka motorsykkelen.

Innsatsleiar Rune Vedeler.

Førebels er det ingenting som tyder på at fart har vore ein avgjerande faktor.

– Ut frå lang erfaring framstår dette som ei tragisk ulykke. Vi har ikkje mistanke om at det var høg fart inne i biletet, seier innsatsleiar Rune Vedeler.

Vegen stengd

I den innleiande fasen av redningsarbeidet vart vegen heilt sperra for trafikk for å gjere plass til luftambulansen.

– Det framstår som ei alvorleg trafikkulykke. Vegen vil bli heilt stengd fordi luftambulansen skal lande i vegbana, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen kort tid etter ulykka.

No er det ein følgebil som leiar bilane forbi staden.