– Eg gler meg til å bli detektiv. Eg kjenner, sikkert som mange andre, at eg har vore detektiv i alle sesongane av Maskorama. Det er ekstra fint å vita korleis det er å vera bak maska sjølv og kjensla deltakarane kjenner på, seier Damli i ei pressemelding frå NRK.

Ho skal vera detektiv saman med Tete Lidbom og Robert Stoltenberg.

Damli kom på tredjeplass som Gladfisken i fjorårssesongen av Maskorama. No tek ho over etter Marion Ravn, som har vore med som detektiv heilt sidan starten i 2020.

– Å ta over etter Marion er veldig stas, ho har gjort ein strålande innsats. Det er alltid litt skummelt å skulla erstatta nokon som har gjort ein så god jobb, men eg skal gjera det så godt eg kan og på min måte, seier Damli.

Maskorama sesong 6 har premiere laurdag 8. november.

Les meir om: artikkelemnene