Ein buss og ein personbil med fem personar kolliderte på Lerstad i Ålesund i morgontimane tysdag.

Det var like etter klokka 05.00 at alle naudetatane rykte ut. Etter kort tid viste det seg å vere snakk om ei dødsulykke.

Ein av personane i bilen er omkomen. Dei pårørande er varsla om hendinga.

– Ut ifrå spor på staden kan det tyde på at personbil har kome over i motgåande og kollidert med bussen, sa innsatsleiar i politiet, Lars Lundemo, etter hendinga.

Det skal ha vore svært glatt på staden då ulykka skjedde.

Politiet har ikkje oversikt over kor skadde dei fire andre i bilen er. Dei blei sende til sjukehuset, medan sjåføren av bussen blei sendt til legevakt.

Ulykke Ålesund

I alt seks personar er involverte i den alvorlege ulykka.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Ber folk la bilen stå

Etter ei periode med finvêr og vårstemning kom det brått snøfall fleire stader måndag kveld.

Det er difor vanskelege køyreforhold mange stader tysdag. Særleg på morgonen var det glatt på vegane i Møre og Romsdal.

– Folk bør vere ekstremt forsiktige. Det er så seint på året at mange har bytta til sommardekk, og då bør dei la bilen stå. Det er blankpolert, sa Lundemo i politiet.

Han vektlegg at det er bilførar sitt ansvar å vere skodd etter forholda.

Politiet seier vidare at det er for tidleg å seie noko om bakgrunnen for ulykka på Lerstad i Ålesund, eller om bilen hadde sommardekk.

Det er 50-sone på staden der ulykka skjedde.

En politimann i uniform står ute med snø langs veien. Han har på seg en gul refleksvest over uniformen. Bak ham er det et veiskilt og trær. Himmelen er blå med noen skyer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Innsatsleiar i politiet, Lars Lundemo.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Var ikkje brøyta eller salta

Sunnmørsposten melder tysdag føremiddag at Lerstadvegen, der ulukka skjedde, ikkje var brøyta eller salta før ulykka.

Det stadfester Torgeir Bye, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Møre og Romsdal fylkeskommune, til NRK.

Han seier dei avsluttar vinterberedskapen 1. mai, men at dei, på grunn av vêrvarselet, hadde avtale med entreprenør om å ha ein del køyretøy ute.

– Då var det prioritert ein del andre strekningar enn Lerstadvegen i natt.

Bye seier at det stort sett var regnbyer på vêrkamera dei har kika på fram til like før klokka 05.00 tysdag morgon, men at det kom ei kraftig snøbye etter det.

Torgeir Bye

ARKIVBILDE: Torgeir Bye er seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Han veit ikkje kor mange brøytebilar dei hadde ute. Seksjonsleiaren seier også at sjølv midt på vinteren, om ein får slikt ver, så vil det legge seg snø på vegen.

– Du rekker ikkje å fjerne snøen før den legg seg. Det vil skje når det er full beredskap også, seier Bye.

Ulykke Ålesund

Det var glatt på staden tysdag morgon.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Vegen var stengd i fleire timar

Lerstadvegen var stengt i fleire timar etter ulykka. Dette fordi kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen skulle gjere undersøkingar på staden.

Målet er å finne årsaka til ulykka.

– Det er førebels ukjent for oss. Difor må vi undersøke staden, sa innsatsleiar Lars Lundemo.

Rundt klokka 12.00 blei vegen opna igjen.

Etter det politiet veit så langt skal det ikkje ha vore andre vitne til ulykka.

– Det blir jobba med å få sikra forklaringar til dei involverte i ulykka. Men først og fremt no er det viktigaste at dei blir varetatt av helse, og å sørge for at dei har det bra, seier Lundemo.

glatt veg

Det er svært glatt fleire stader tysdag morgon etter eit snøfall.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Følger opp bussjåføren

Bussen som var involvert i ulykka kjem frå busselskapet Vy.

Kommunikasjonssjef Siv Egger Westin opplyser at bussen ikkje hadde starta ruta endå og difor ikkje hadde passasjerar om bord.

– Det er ei tragisk ulykke og det er veldig leitt å høyre om utfallet, seier ho.

Egger Westin seier dei skal følge opp bussjåføren.

– Vi har sjølvsagt fokus på bussjåføren vår som har vore involvert i dette. I samsvar med rutinane våre følger vi opp med bedriftshelseteneste og det som eventuelt måtte vere behov for, seier Westin.

En bil med tydelige skader i fronten står i vegbanen.

Ein buss frå selskapet Vy er involvert i ulykka.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert

05.05.2026, kl. 05.24

Oppdatert

05.05.2026, kl. 12.44