Årsaka? Fløyfjelltunnelen vert stengd mot sentrum gjennom heile helga.

Og med det ønskjer vegvesenet å vere føre var med å oppmode alle om å reise kollektivt for å unngå trafikkaos i sentrum.

– Dette er ei helg der vi verkeleg ber folk om å la bilen stå. Med stengt sørgåande løp mot sentrum og store arrangement i byen, kan det bli køar som forplantar seg langt ut i vegnettet, seier seksjonssjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Men det er ikkje berre kaos som vert åtvara om. Dei åtvarar også om at det vil bli køar heile helga.

Slik blir trafikken påverka

Slik omtalar Statens vegvesen trafikkpåverknden:

  • Sørgåande løp i Fløyfjelltunnelen (mot Bergen sentrum) blir stengt i heile perioden.
  • Nordgåande løp (frå sentrum mot Åsane) er ope, med berre korte, mellombelse stopp natt til laurdag i høve sprengingsarbeid.
  • All trafikk frå nord (Åsane og Sandviken) mot Bergen sentrum eller søndre bydelar bør nytte fv. 587 Hardangervegen (Grimesvingane). Dette er hovudomkøyringsruta og den klart beste løysinga.
  • Omkøyring via Sandviken og Bryggen er frårådd og vil føre til store køar og lang ventetid.
  • Det vil bli sett inn trafikkvakter i sentrale kryss i Bergen sentrum og langs Grimesvingane for å styre trafikken.

Frå fredag ettermiddag

Oppmodinga om å la bilen stå, gjeld særleg reisande som skal frå Åsane og områda nord for Bergen og inn mot sentrum.

Om du planlegg å køyre inn til Bergen sør, rår vegvesenet deg til å køyre via Arna og Grimesvingane.

Stenginga vil starte frå fredag klokka 17.00.

Då vert det sørgåande løpet av Fløyfjelltunnelen stengd, og denne opnar opp att måndag 11. mai klokka 05.30.

Arbeidet som skal bli utført er sprenging, støyp og asfaltering. Det er elles for omfattande til at det kan bli utført som nattarbeid.

Sjølve Fløyfjelltunnelen er gammal og har behov for store utbetringar for å kunne vere sikker i dei kommande åra, skriv Statens vegvesen. Arbeidet har allereie gitt periodar med nattestenging, og trafikantane må vere budde på at dette også vil halde fram gjennom heile 2026.

Venta høg aktivitet i sentrum

Det vert også påpeika at laurdagen er ein dag med fleire større arrangement i Bergen sentrum, mellom anna gratiskonsert og storskjermvising av cupfinalen på Torgallmenningen. Det er difor venta at mange vil ta seg til sentrum denne dagen.

Grunna den totale situasjonen og at fleire no vert oppmoda om å reise kollektivt, har Vegvesenet ei siste oppmoding: Ein bør berekne litt ekstra tid for å komme seg fram akkurat denne helga.

Les også

Gult farevarsel for snø

Les også

– Entreprenør har vore ute på utsette stader