Denne meldinga kjem i form av eit gult farevarsel for snø, som dei melder på sine nettsider. Denne snøen kan i låglandet komme som sludd eller regn, og instituttet melder at enkelte område vil oppleve mindre eller ingen snø.

Farevarselet gjeld deler av Vestland, frå opp og forbi Nordfjord, og sørover ned mot Bergen (sjå kartet).

Farevarselet er gjeldande frå onsdag 06. mai klokka 02.00, der faren er opplyst å vere gjeldande.

Varselet strekker seg til klokka 14.00 same dag, der faren derifrå er meint å minke.

Meteorologisk institutt skriv at ein bør berekne ekstra tid til transport og køyring. Dei ber, som også har vore tydeleg banka inn gjennom oppmodingar frå Vegvesenet, om å bruke rette dekk og å køyre etter forholda.

Er du usikker på om du skal eller bør ut på køyretur i det heile?

Trafikkmeldingar kan du sjekke på Statens vegvesen sine nettsider.

Snøen som fall denne veka må seiast å ha komme overraskande på mange. Den gav også utslag i trafikken, særskilt natt til tysdag og gjennom tysdagen:

Les også

Meldingar om glatt veg i Halbrendslia

Les også

Fleire køyrde seg fast på glatta – måtte stenge vegen

Men også natt til onsdag og onsdag morgon påverkar snøfallet trafikken, opplyser Vegtrafikksentralen Vest:

Les også

– Entreprenør har vore ute på utsette stader