Frå klokka 10 til nærare klokka 12 tysdag hadde ein patrulje frå UP kontroll på Seljestad. Høgste hastigheit vart målt til 124 km/t i 80-sona, og føraren vart meld.

Medan denne føraren mista lappen, var det to andre som fekk førelegg grunna hastigheit.

Klokka 3.15 kom det melding om eit mogeleg innbrot i ein fritidsbustad på austsida av fjorden. Meldar hadde høyrt romstering og bråk frå kjellaren, men då patruljen kom fram var det ikkje noko som tyda på innbrot.

– Det var ikkje noko som tyda på at det hadde vore folk i kjellaren. Kanskje det hadde vore eit dyr, seier politistasjonssjef Øystein Torsnes.

Les også

Politiet har oppretta sak etter innbrot og skadeverk