Våren spring framover med stormskritt, og året har så langt bydd på ei lang rekke spel i alle tenkelege sjangrar.

April gav oss alt frå herleg action i Pragmata og Saros, til vinterkos i Mummitrollet: Vinterens Varme, og skrekk og gru i Cthulhu: The Cosmic Abyss.

No er det derimot tid for årets siste vårmånad, og mai har verkeleg noko for ein kvar smak.

Directive 8020-trailer.

Directive 8020

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
12. mai

Directive 8020 er det femte spelet i Supermassive Games sin The Dark Pictures Anthology-serie. Det blir eit spel med eit svært stort fokus på narrativet, og avgjerslene du tar gjennom spelet kan få alvorlege konsekvensar som kan endre på kva som skjer vidare, samt forholda mellom dei fem spelbare hovudpersonane. Spelet lovar å by på så mykje fridom i kva du gjer, at det vil la deg spole tilbake tida etter viktige hendingar, kanskje for å gjere ting annleis.

Forteljinga tek oss med til romskipet Cassiopeia, der hovupersonane er mannskap. Ting går sjølvsagt etter planen. Skipet krasjlandar, og alt går skeis i det som lovar å bli eit spel av det nifse laget. Fleirspelarmodusen Movie Night kjem òg tilbake, og lar fem spelarar dele på å bestemme kva veg forteljinga går.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Directive 8020

Forza Horizon 6-trailer.

Forza Horizon 6

Plattform: Xbox Series X, Windows
Ute: 19. mai

Tradisjonen tru reiser Forza Horizon-serien verda rundt. Blant landa der vi har fått leike oss med hissige bilar i høg fart, finn vi USA, Frankrike og Italia, for å nemne noko. Denne gongen tek Playground Games oss med til Japan, og lovar eit variert landskap å køyre gjennom. Spelet skal få over 550 bilar, som alle kan skruast på etter eige ynskje. I tillegg kan du få tilgang på ein eigedom i den japanske fjellsida. Håvard har allereie sett på spelet, og han likte det han såg:

«No som spelet endeleg er sett til Japan, ligg alt til rette for ei meir variert oppleving enn i det føregåande spelets Mexico. Her får vi storbykjøring i Tokyo, landevegskøyring gjennom tette skogar og «off-road» opp og ned bratte fjell. Det er lov å håpe at årstidene vil by på større vekentlege forandringar enn i seriens førre innslag.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Horizon 6

Yoshi and the Mysterious Book-trailer.

Yoshi and the Mysterious Book

Plattform: Switch 2
Ute: 21. mai

Denne månaden er det endeleg tid for eit nytt Yoshi-spel. Tradisjonen tru er det ein tydeleg gimmick på plass. Yoshi har vandra i verder laga av alt frå ull til pastellkrit, og denne gongen tek han turen inn i ei mystisk bok der alt er presentert i som om spelet var laga med ein kombinasjon av handteikna bilete og dukkeanimasjon.

Som tidlegare spel i Yoshi-serien får vi eit sideskrollande plattformspel, og mange av dei gamle triksa vender tilbake. Yoshi kan gli gjennom lufta, deise i bakken, og sluke fiendar for å gjere dei om til egg som seinare kan skytast på andre fiendar og utfordringar som krev eit hardtslåande prosjektil. Kvart kapittel byr på nye skapningar som alle byr på unike eigenskapar Yoshi kan bruke for å løyse utfordringar og utforske nivåa vidare.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Yoshi and the Mysterious Book

Life Below-trailer.

Life Below

Plattform: Windows
Ute: 26. mai

Life Below er eit annleis bybyggespel. Her skal du ikkje skape eit fungerande samfunn på landjorda, men i staden reise ned til djupet under havoverflata. Her skal du spele eit vannfe som har fått i oppgåve å revitalisere eit korallrev. Her er det ikkje stein- og tømmersanking som må til, men heilt andre ressursar som høyrer til på havnbotnen. Forteljinga som pakkar det heile inn er signert Rhianna Pratchett. Vår bybyggespesialist Oda har allereie prøvd det, og er klar for meir:

«Det ligg eit interessant spel her med større verktykasse enn det kanskje ser ut i starten. Det er gøy når norske studio får til noko annleis, og eg håper at det vidare i spelet er fleire verkty og djupare mekanismar å leike med til å halde interessa oppe, som det er hinta til. Det står igjen å sjå.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Life Below

007 First Light-trailer.

007 First Light

Plattform: PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. mai

Få heltar har lengre fartstid enn James Bond. Med mange bøker, filmar og spel bak seg opp gjennom si lange karriære har han dukka opp i mange ulikr former. Denne gong får vi møte ein yngre James Bond i eit spel som skal fungere som ei slags opphavshihstorie. I dette spelet får ein ung James Bond oppdraget som vil gi han 00-status.

Spelet kjem til oss frå danske IO Interactive som er aller best kjende for den klassiske Hitman-serien. Dette blir derimot ikkje eit Hitman-spel med ny dress. Utviklarane har henta inspirasjon frå alt frå kampane i Batman: Arkham-spela, til områda og nivådesignet i Uncharted-serien. Vi blir likevel lova eit spel der vi skal få stor fridom til å velje framgangsmåte sjølve. Historia skal få eit solid fokus, og naturlegvis får spelet si eiga temalåt, signert artisten Lana Del Rey.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på 007 First Light

Kiouku: Last Summer-trailer.

Frå piratar til superheltar

Om du trudde Life Below var det einaste norske spelet denne månaden tok du grundig feil. I slutten av månaden kjem Kioku: Last Summer, eit avslappande eventyrspel der vi får oppleve sommarens magi gjennom eit barns auge.

Meir avslappande kos blir det i campingbilspelet Outbound som har blitt flytta til mai frå sin opphavelege sleppdato i april.

Frå det eine fargerike spelet til det andre. NITRO GEN OMEGA er eit turbasert rollespel med digre robotar inspirert av klassiske japanske spel- og animefilmar.

Clockwork Ambrosia er eit metroidvania der du skal få designe ditt eige arsenal med våpen. Handmancers er på si side eit skikkeleg hissig stein, saks, papir-spel, med kort. Hakket meir rystmisk blir det i slåssespelet Dead as Disco der slag og spark synkroniserer til musikken.

For dei med hakket meir strategisk DNA byr mai på litt å sjekke ut. I Battlestar Galactica: Scattered Hopes må du ta opp kampen mot cylon-flåta, og ta hand om kriser som oppstår både i og utanfor dine eigne skip.

LEGO Batman: Legacy of the Dark Knight-trailer.

Corsairs – Battle for the Caribbean tek oss heller bakover i tid, og lar oss leike med piratar på bøljan blå.

Denne månaden er LEGO-studioet TT Games tilbake med det flunkande nye spelet LEGO Batman: Legacy of the Dark Knight. Det blir spanande å sjå om dei har utvikla formelen sidan sist.

For musikkelskarane kan Mixtape vere eit spel verd å sjekke ut. Dette spelet tek oss med tilbake til 90-talet, der vi møter tenåringa som veks opp i eit av historias beste tiår for musikk. På musikklista finn vi bland anna The Smashing Pumpkins, Iggy Pop og Siouxsie and The Banshees.

Treng du litt meir uhygge kan eventyret Call of the Elder Gods vere meir di greie. Her kombinerast gåteløysing med okkultisme i beste Lovecraft-stil.

Eit lite knippe spel er på veg til nye plattformer denne månaden. Stikkeskytaren Sektori kjem til Switch 2, metroidvaniaet Constance kjem til Switch, medan det HD-2D-inspirerte kinesiske kampsportrollespelet Wandering Sword kjem til PlayStation 5.

Det var alt for mai. God speling.