«Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme», skreiv Ibsen. Kanskje skulle ein tru at det same gjaldt politiske parti?
Når det gjeld Framstegspartiet er situasjonen ein heilt annan. Å fjerna livsløgna burde i staden gjera partiet langt lykkelegare.
For: Igjen rasar debatten som har dukka opp med jamne mellomrom dei siste tiåra. Den om Framstegspartiet si haldning til rasisme.
For eit parti som har som politisk grunnoppskrift at alle skal vera sin eigen lykkes smed, burde det å ta avstand frå gruppetenking, stereotypiar og stigmatisering vera den enklaste saka i heile verda.
Det er det ikkje for Frp.
Individualismen til Frp stoppar nemleg ofte når det meir eller mindre uttalt kan vera mogeleg å setta grupper i samfunnet opp mot kvarandre.
Det er det lang tradisjon for. Partiet har aldri tatt eit truverdig fundamentalt oppgjer med ei fortid som apartheid-sympatisørar, det falske Mustafa-brevet eller påstandar om snikislamifisering.

I 1988 inngjekk Carl I Hagen til slutt eit forlik med Muhammad Mustafa. Hagen hevda at Mustafa hadde skrive eit brev som hevda at muslimane i Norge ein dag ønskte å ta over landet. Etterforskinga viste at brevet var eit falsum.
Foto: Bjørn Sigurdsøn
Livsløgna til Frp handlar om oppfatninga om at dei blant veljarane er tent med å ha eit litt rufsete rykte.
Eit rykte som litt mindre antirasistiske enn resten av den norske partifloraen.
Eit rykte som mange i Frp har tenkt at dei lever fint med. Det gjeld langt frå alle.
Når alt kjem til alt, og nokon i partiet plumpar uti, må Frp likevel slå like hardt ned på openberre feilsteg som det andre parti må. Rasisme er nemleg gift. Òg for Frp.
Me såg det igjen denne helga, då Sylvi Listhaug, litt for seint, greidde å kalla ein spade for ein spade. Å kalla norskpakistanarar for minusvariantar, slik Hårek Hansen gjorde på ein bar saman med TV 2, er nemleg sjølve definisjonen på vemmeleg og ussel rasisme.
Slikt likar ikkje Frp-arar flest. Særleg ikkje dei som representerer partiet her vest, og opererer i ein veljarmarknad der framandfrykt aldri har vore ei vinnarsak.
Om oppgulpet er representativt for haldningane til folk i Framstegspartiet vel eg, naiv som eg er, å tvila sterkt på.
Det er likevel berre Frp sjølv som kan sopa all tvil til side. Men då må dei kvitta seg med den dobbeltmoralske strategien om å ikkje ta hundre prosent avstand.
Framstegspartiet er uansett langt frå åleine om å ha nokre ømme tær, nokre elefantar i rommet, som er praktiske å ha, men som ein snakkar minst mogleg om.
Alle dei etablerte partia lever nemleg på nokre livsløgner, som dei helst ikkje vil snakka for høgt om.
For Senterpartiet er den store livsløgna at næringslivet i Distrikts-Norge er heilt avhengige av det partiet hatar mest av alt.
Me snakkar sjølvsagt om EU. Hadde Sp gjort alvor av ønsket om å skrota EØS-avtalen hadde det betydd katastrofe for dei mange og viktige eksportbedriftene som sikrar lys, aktivitet og arbeid i norske utkantar.
Partiet er altså tent med å stadig komma med sure oppstøyt mot EØS-avtalen. Den dagen dei måtte komma i posisjon til å faktisk kvitta seg med hatobjektet, vil dei få livsløgna midt i fleisen.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) veit godt at det ville vera eit problem for næringslivet i distrikta om Norge sa opp EØS-avtalen.
Foto: Bibiana Piene
For Arbeidarpartiet er elefanten òg ganske fundamental. Behovet for å til ei kvar tid pleasa dei som allereie er med, gjer at partiet ofte set seg sjølv ut av spel når det gjeld å sikra det som faktisk er sjølve eksistensgrunnlaget til partiet, nemleg at «alle skal med».
Frykta for å legga seg ut med ein stor privilegert middelklasse, gjer at Ap gong på gong vegrar seg mot å prioritera dei som fell utanfor. I sosialpolitikken gøymer dei seg bak ein moderne definisjon av arbeidslinja, som slettes ikkje er den same som Gerhardsen opererte med. I skulepolitikken kan fellesskulen vera eit galant argument for å unngå ekstra innsats for dei svakaste.

Ønsket om å tekka den store feite middelklassen gjer ofte at Ap let vera å hjelpa dei som ikkje er inkludert i fellesskapen.
Foto: Vidar Ruud
Høgre lever òg ganske godt med sine sjølvbedrag. Partiet likar nemleg å selja seg inn som eit parti som er motstandar av høgare avgifter for folk og næringsliv. Du skal likevel òg vera ganske god for å finna eit norsk bompengeprosjekt som Høgre har stemt imot, eller ein auke i ei kommunal avgift som ikkje har støtte frå Høgre.
KrF og SV er to parti som for tida gjer alt dei kan for å framstå så ulike som mogleg. Dei lever likevel på kvar si livsløgn som er nært beslekta, men likevel framstår som veldig ulike.
Medan SV har særs høge standardar til alle aktørar i samfunnet når det kjem til å krevja likestilling, kamp mot diskriminering og liberale verdiar, har partiet for vane å ha berøringsangst om overgrepa skjer blant minoritetsgrupper i det norske samfunnet.
Kristeleg folkeparti, på si side, snakkar gjerne høgt og lenge om menneskeverd, menneskerettar og respekt for skaparverket. Men finn seg i kva det måtte vera om overgrepa vert utført av staten Israel.
Miljøpartiet dei Grøne vil så gjerne ha fart på det grøne skiftet og ha ein overgang til fornybar energi, men stiller seg først i demonstrasjonstoget nesten kvar gong det faktisk er aktuelt å auka kraftproduksjonen.
Raudt er partiet som gjerne vil ha høgare skatteinntekter, men som har veldig vanskeleg for å anerkjenna innsatsen til dei som betalar mest skatt.
Også blant nykommarane i den politiske floraen finst det dundrande paradoks. Ja, Industri- og næringspartiet har på forbausande vis vist seg som motstandarar av det meste som kan skapa industri- og næringspolitikk.
Har me gløymd noko då? Joda, me har sjølvsagt, akkurat som veljarane, gløymd Venstre. Partiet som for tida har ein så uklar profil at det faktisk er vanskeleg å finna tydelege karakterbristar. Det tydelege liberale alternativet i sentrum av norsk politikk har nemleg lang tradisjon for at det kan vera rom for dissens sjølv om det berre finst éin einaste venstrerepresentant i rommet.
Framstegspartiet er altså ikkje åleine om å ha ei dobbeltmoralsk tilnærming til politikk. Dei er ikkje dei einaste som bør sjå seg sjølv i spegelen.
Skilnaden er likevel ganske openberr. Medan ein del av dei andre livsløgnene er ganske krevjande å gjera noko med, og ofte handlar om at politikk i praksis kan vera ganske vanskeleg, er det frykteleg enkelt for Framstegspartiet.
Mangelen på eit oppgjer er uakseptabel for alle dei i Norge som fryktar konsekvensane av rasisme.
Det er nemleg ingenting anna enn rein opportunisme som gjer at Framstegspartiet ikkje – ein gong for alle – tek eit høgt, tydeleg og konsekvent oppgjer med noko av det dei ideologisk sett burde hata mest i samfunnet.

Sylvi Listhaug gjer det sterkt om dagen. Tidspunktet har aldri vore betre for å ta eit endeleg oppgjer med partiet si alt for diffuse haldning til rasisme. Det burde vera ganske enkelt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Det betyr å ikkje lenger la sleivete formuleringar stå uimotsagde i kommentarfeltet på Facebook. Det betyr å slutta å setta grupper opp mot kvarandre i den politiske debatten. Det betyr å tydeleg våga å stå opp for dei inviduelle rettane til folk flest.
Ja, det handlar om å vedgå nokre historiske feilsteg.
Det betyr derimot ikkje at Frp treng å slutta å problematisera negative konsekvensar av innvandring, slutta å jobba for ein strengare asylpolitikk eller å slutta med å synleggjera at det norske samfunnet ikkje har lykkast godt nok med å få mange nok ut i jobb.
Det må absolutt ikkje forvekslast med rasisme, men er i staden debattar som me må handtera i eit ope demokrati.
Om Frp verkeleg vil vera partiet som kallar ein spade for ein spade må dei greia å kommunisera politikken tydleg nok til å unngå stigmatisering og gruppetenking. Ein del i Frp er faktisk ganske gode på dette.
Eit Frp som kvittar seg med hundefløyta, for godt, vil nemleg verta ein langt tøffare motstandar for resten av norsk politikk.