Eg må seie meg einig i fleire av Anja M. Austlid sine påstandar. Eg håpar at ho bar fram desse synspunkta på Frp sitt landsmøte, for der høyrer faktisk ein heil del av dei heime.
Noko av det viktigaste ein bør vera oppteken av i både nasjonal og lokal politikk er respekt og aksept for politiske ulikheiter. Respektlause og nedlatande haldning til andre politikararar og parti er med på å auke politikarforakt, og i verste fall er det med på å øydeleggje demokratiet vårt, og hindre at folk orkar å ta på seg politiske verv.
Austlid kritiserer Lunde for å uttale seg nedlatande om Frp-veljarar, og at ho dermed veit betre enn dei kva dei bør meine. Kva meiner då Sylvi Listhaug når ho seier at «Støre må ta av skylappane fordi han ikkje fostår korleis vanlege folk har det». Vil det seie at dei som stemmer på Arbeidarpartiet og har skylappar på, og ikkje forstår korleis vanlege folk har det?
«FrP har alltid vore eit parti som seier ting rett ut og kallar ein spade for ein spade», seier Austlid. Det spørs om ikkje Sylvi Listhaug av og til kallar ein spade for ei møkagreip.
For å ta eit kjent sitat: «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Er dette Frp sin måte å kalle ein spade for ein spade?
Sitat: «Det er heilt greit å vere ueinig. Det er til og med sunt. Men det er ikkje greitt å mistenkeleggjere intensjonane til politiske motstandarar, eller å antyde at dei som stemmer på «feil» parti, ikkje forstår kva dei gjer.»
Eg vil berre liste opp ein del sitat frå Sylvi Listhaug sin tale til landsmøtet i år.
-
«Ap har blitt statens og elitens parti. Vi er folkets parti»
-
«Ap bør kalle seg «Administrasjonspartiet», «Skatteinnkrevernes parti» eller «Utvalgspartiet» for å illustrere at de har mistet kontakten med vanlige arbeidsfolk.»
-
«Arbeiderpartiet og LO har et vedvarende og problematisk forhold til sannheten.»
-
«Arbeiderpartiets hovedkvarter på Youngstorget er en trollfabrikk.»
Er ikkje dette å mistenkeleggjere andre parti sine intensjonar?
Og når det gjeld personangrep så er vel ikkje Kjellbjørg Lunde heilt på bærtur når ho nemner Trump og USA. Sylvi Listhaug har brukt begrepet «Støresløsing», og ho har kalla trontalen hans for pompøst sjølvskryt og fri for løysingar.
Meiner Anja M. Austlid at hennar eigen partileiar er eit godt føredøme på dei gode verdiane ho vektleg i sitt innlegg i bladet Sunnhordland?