– Det er ikkje straffbart å vere ein dritsekk, det er ikkje straffbart å vere ein dårleg kjærast. Det er ikkje straffbart å overtale nokon til å ha sex.

Det seier statsadvokat Eli Reberg Nessimo. Ho er aktor i rettssaka der ein mann i 20-åra er tiltalt for å ha valdtatt fire tidlegare kjærastar gjentatte gongar.

Påtalemakta meiner mannen frå Oppdal har gjort noko meir enn å vere ein dårleg kjærast.

– Tiltalte har systematisk tatt kontroll over jentene og deira sosiale liv. Han har brote dei ned gjennom måten han har behandla dei på.

– Det har i tillegg vore valdtekt overfor alle dei fire jente, seier statsadvokaten.

Påtalemakta ber om 12 år i fengsel for mannen.

– Det er grovt og avansert, seier aktor om valdtektene.

Statsadvokat Eli Reberg Nessimom står ved en talerstol i en rettsal. I bakgrunnen kan vi se en uniformert politimann

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Meiner han må frifinnast

Ifølge tiltalen skal mannen gjentatte gonger har skaffa seg seksuell omgang med kvinnene ved hjelp av truslar og vald.

Hendingane i tiltalen skal ha funnet stad over ein periode på over elleve år.

Tiltalte erkjenner ikkje straffskuld og forsvarar Linn Haug Holm ber om at han blir frifunnen.

– Det har vore turbulente kjærastforhold, seier forsvarar Linn Haug Holm.

Men det er langt frå nok til at mannen er skulding i forholda beskriven i tiltalen, ifølge Holm.

– Det låg eit grunnleggande samtykke i botn og fornærma var i stand til å motsette seg det, seier ho.

Forsvarerne Linn Haug Holm og Eirik Svingen Bjørgo. De sitter i en rettssal. Holm kikker noe betenkt i retning Bjørgo. Hun holder hånden til ansiktet og har en kulepenn i hendene. Vi ser Bjørgo fra siden.

Linn Haug Holm er forsvarar til den tiltalte mannen, saman med kollega Eirik Svingen Bjørgo.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Forsvararen seier at forklaringane til dei fornærma og tiltalte samsvarer på enkelte område.

– Men tvangselementet finst ikkje i tiltalte si forklaring, seier Holm.

Holm ber retten vurdere den seksuelle omgangen og samtykke, opp mot seksuelle preferansar.

– Dette er relasjonar som har vore samansette, konfliktfylte og seksualiserte.

– Har rotta seg saman

Den tiltalte mannen stiller seg helt uforståande til skuldingane frå kvinnene.

Under forklaringane sine i retten har han forklart seg om forholda han har hatt til dei tidlegare kjærastane sine.

Ei av kvinnene forklarte i retten at han kunne bli sint og ein gong kasta eit vassglas mot henne.

– Eg lurer på om ho blandar saman med eit anna forhold ho hadde før meg. Ho kjem med historier frå det forholdet om at han raskt blei sint og kasta ting etter ho, sa tiltalte i retten.

Tiltalte synest det er rart alle skuldingane kjem no. Han meiner dei fire kvinnene samarbeider om skuldingane mot han.

Tingrettsdommer Eirik Lereim sitter i dommerstolen. I forkant av bildet ser vi statsadvokat Eli Reberg Nessimo. Hun passerer foran Lereim. Fokus i bildet er på Lereim

Eirik Lereim er dommar i saka som går for Trøndelag tingrett.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Det verkar som dei fire har rotta seg saman. Alt kjem samtidig. Heilt ut av det blå, sa han og peikte på at visste at to av dei har møtt kvarandre i fritidssamanheng.

Dette meiner statsadvokaten at ikkje er tilfelle og meiner tiltalte ikkje har ei plausibel forklaring.

– Dei står saman opp mot uretten dei har opplevd. Det handlar ikkje om noko meir enn det, seier Nessimo i sin prosedyre.

– Eg var redd

Ei av kvinnene forklarte i retten at tiltalte var hyggeleg og omgjengeleg, då dei innleia eit forhold.

Då dei etter kvart begynt å ha sex kunne ho seie «nei» dersom det var noko ho ikkje ønska.

Men gradvis blei det mindre og mindre rom for dette.

– Viss eg sa «nei», «stopp» eller prøvde å vri meg unna, så blei eg berre meir og meir oversett.

Trenger du noen å snakke med?

Ring 113 når det er akutt og står om liv.

Ring legevakta på 116 117 for øyeblikkelig hjelp.

Fastlegen din kan også hjelpe deg, for eksempel med å henvise deg videre inn i det offentlige tilbudet.

Hvis du trenger noen andre å snakke med, kan du bruke noen av disse lavterskeltilbudene:

Hjelpetelefonen: Døgnåpen telefontjeneste. Ring 116 123 eller skriv på sidetmedord.no

Nok.-sentrene: gir gratis oppfølging til utsatte og pårørende etter voldtekt og overgrep. Mer informasjon her: noksentrene.no.

Kirkens SOS: Ring 22 40 00 40, skriv på soschat.no

Kors på halsen er for deg under 18 år. Telefon: 800 333 21. Skriv eller chat på nettsida korspaahalsen.rodekors.no

Foreldresupport: Ring 116 123 (tast 2)

Studenttelefonen: Ring 116 123 (tast 3)

Mental Helse Ungdom: Rettet mot unge voksne i alderen 18–36 år. Chattetjeneste på nett mandag – onsdag: kl. 18–21. Torsdag – søndag: kl. 18–24: www.mhu.no.

Alarmtelefonen for barn og unge: En gratis telefon for barn og unge som er utsatt for vold, overgrep og omsorgssvikt. Telefon 116 111.

Dersom ho forsøkte å motsette seg, blei ho haldt nede, tatt kvelartak på eller reven i håret, ifølge henne.

Slike opplevingar har alle kvinnene forklart seg om i retten. Tiltalte seier det ikkje stemmer.

Nokre av dei skal også ha mista bevisstheita undervegs i den seksuelle omgangen.

– Nokre gonger trilla tårene, eg gråt jo. Andre gonger ynka eg meg, la ho til.

Statsadvokaten spurte om ho nokon gong ropte etter hjelp. Det gjorde aldri kvinna.

– Eg var redd. Og så var det ein skam i dette.

– For eg var jo ikkje god nok for nokon andre. Eg var jo ikkje verdt nokon ting, fortalde kvinna.

Bistandsadvokat Kari Bjørnseth Hegstad sitter i en rettssal. Hun har den ene hånden opp til ansiktet og virker betenkt.

Bistandsadvokat Kari Bjørnseth Hegstad er bistandsadvokat for ei av dei fornærma kvinnene.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Bistandsadvokatane ber om til saman 1,5 millionar kroner i oppreisingserstatning til kvinnene.

– Det er grove valdtekter, seier bistandsadvokat Kari Bjørnseth Hegstad.

Publisert

07.05.2026, kl. 16.30