Bøndene ber om 4,2 milliardar kroner i årets jordbruksoppgjer.

Det er eit historisk høgt krav.

Milliardane som bøndene ber om, skal mellom anna gå til å få tetta inntektsgapet mellom bøndene og andre.

– Bøndene ligg framleis langt bak andre i inntekt. Regjeringa har sjølv slått fast at gapet skal tettast innan 2027. Det forventar vi at dei leverer på.

Det sa bondelagsleiar Bjørn Gimming då kravet frå bøndene blei lagt fram i april.

I tillegg skal ein stor del av kravet gå til å dekke auka kostnader, styrke sjølvforsyningsgraden og likestilling internt i jordbruket.

Forhandlingsfristen er 16. mai.

Jordbruksavtala

  • Kvart år forhandlar Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag med staten om rammevilkåra for landbruket.
  • Dei to bondeorganisasjonane opptrer på vegner av alle norske bønder, og alle bønder får ta del i ordningane som blir avtalt.
  • Jordbruksforhandlingane er regulerte gjennom Hovudavtalen for jordbruket.
  • Det skal førast forhandlingar mellom staten og jordbruket om prisar på jordbruksvarer og andre føresegner for næringa.

Kjelde: regjeringen.no

Jamstilling innan 2027

– Eg synest ikkje det er urimeleg at vi tener like mykje som samanliknbare grupper, seier mjølkebonde og leiar i Dalsbygda bondelag, Helene Marie Grov.

Då budsjettnemnda for å jordbruket la fram tala sine i midten av april, viste dei at det framleis er eit inntektsgap mellom bønder og andre yrkesgrupper.

Gapet er på 63.000 kroner, ifølge budsjettnemnda.

Bondelagsleder Helene Marie Grov klør ku hjemme i Dalsbygda i Os.

Mjølkebonde og bondelagsleiar i Dalsbygda, Helene Marie Grov.

Foto: Lars Os / NRK

Stortinget har vedteke at inntekta til bonden skal jamstillast med andre yrkesgrupper innan 2027.

– Det er krevjande å berekne kva kostnadene for 2027 blir. Historisk viser det seg at i tider med sterk kostnadsvekst og uro i marknaden, er det matprodusenten som oftast kjem dårleg ut.

Det sa Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, då kravet frå bøndene blei lagt fram.

– Det er avgjerande for matberedskapen at bonden i så urolege tider blir sett i stand til å takle denne risikoen.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag legger frem sitt krav for jordbruksforhandlingene 2026. Kravet blir lagt frem av leder Bjørn Gimming i Norges Bondelag og leder Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag til Statens forhandlingsleder, Nils Øyvind Bergset

Frå då Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag la fram sitt krav for jordbruksforhandlingane 2026. Til venstre leiar Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag og Staten sin forhandlingsleiar, Nils Øyvind Bergset.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Auka kostnad

Av dei 4,2 milliardane bøndene ber om, skal over halvparten, 2,6 milliardar, bli brukt til å kompensere for auka kostnader.

For prisane på diesel og kunstgjødsel har skote i vêret etter at USA og Israel angreip Iran.

Begge delar er avgjerande for å halde produksjonen av mat i gang, og bøndene krev at dette blir fullt ut kompensert i forhandlingane i år.

Nokre analytikarar har antyda at prisane på kunstgjødsel kan auke med så mykje som 60 prosent dersom Hormuzsundet ikkje blir opna for normal ferdsel.

Kunstgjødsel

Om ikkje kunstgjødsel er tilgjengeleg, meiner produsentane av gjødsel at halvparten av matproduksjonen i verda står i fare.

Foto: Frode Meskau / NRK

Utan kunstgjødsel vil produksjonen av mat reduserast drastisk.

Leiinga i Yara, ein av dei største produsentane i verda av gjødsel, meiner nær halvparten av matproduksjonen i verda er baserte på bruk av kunstgjødsel.

Høgare kunstgjødselprisar vil forplante seg til heile priskjeda på mat, og etter angrepet på Iran har prisane auka med nesten 15 prosent.

Publisert

08.05.2026, kl. 05.32