Eg les Anja M. Austlid sitt svar til Kjellbjørg Lunde i Sunnhordland og tykkjer ho formulerer seg både godt og sakleg, og tydeleg, og i eit språk som korkje er konfronterande eller spissformulert. Eg likar det. Sjølv om eg er usamd med henne i det aller meste.

Ho skriv m.a at FrP ikkje vil byggja ned velferds­staten, men styrkja han gjennom å få slutt på sløsing og byråkrati. Eg saknar definisjonar frå hennar side. Men innlegget hennar fekk meg i alle fall til å tenkja over kva eg forstår kva ein velferdsstat er. Eg trur ikkje Austlid ser føre seg det same.

I mine augo ville ein velferdsstat syta for ikkje berre for gode tenester til folket, men gratis helse- og omsorgs­tenester og nødvendige medisiner, så vel som gratis skule og utdanning, læremiddel, gode og tilgjengelege kunst- og kulturtilbod for alle, fri tilgang til natur og friluftsliv m.m.

Eg vil styrkja kunst- og kulturtilboda, det styrkjer samhaldet. Har me ikkje ein sterk, felles og mangfaldig kultur, eit felles språk, har me ikkje noko å stå opp for og forsvara.

Me har i dag eit av dei beste systema for helse- og omsorg i verda. Det er eit offentleg system.

Me har alle tilgang til det. Og dette er det viktigaste i vårt velferds­samfunn, tilboda skal vera universelle, dei skal gjelda alle, same kven du er og kor du kjem ifrå.

Dei fleste av oss har gått eller går i offentlege skular. Det styrker demokratiet og fellesskapet og er ein kjerneverdi i det norske samfunnet. Same kven foreldra våre er, så går dei aller fleste av oss i same skuleklassen, leikar på same skuleplassen, spelar på dei same laga og lærer det same. Seinare i livet møtest me kanskje att som gamle venner med heilt ulike livsbanar, ein vart direktør, ein annan sjåfør, men me kjenner kvarandre, me veit kven me er.

Denne velferdsstaten, dette likeverdet, er finansiert gjennom fordeling av felles ressursar, det betyr m.a. at folk skal betala inn skatt etter evne og få tenester etter behov. For meg er difor ikkje skatt ei statleg plage, eller sugerøyr inn i folks lommebøker, det er solidaritet og samhald.

Skal me byggja eit betre velferds­samfunn, meir rettferdig og med utvida tilbod, lyt me nok truleg leggja på skattane, for dei som har råd til det, i staden for å redusera dei.

For å byggja eit rettferdig samfunn der alle får det dei har rett på, og krav på, må me også ha ein administrasjon som syt for at dette går rett føre seg. Dette som vert kalla byråkrati, kontorstyre. Men desse kontora skal styrast av dei folkevalde. Dei har ikkje eiga makt.

Den norske velferdsstaten er av den såkalla «nordiske modellen», den sosial­demokratiske staten, som har gitt oss alle den oppveksten og utdanninga me har fått, som har gitt oss eit av verdas beste helsetilbod og ein eldreomsorg som dei aller fleste i denne verda knapt kan drøyma om.

Ein annan måte å finansiera din personlege velferd på, er å betala for det sjølv etter evne, og få det du har betalt for. Slik dei gjer det i USA med sine private helse­forsikringar t.d.

Kva velferdsstat ønskjer Anja M. Austlid å byggja, når ho skriv at Frp vil styrkja velferds­staten? Vil ho ha auka privatisering av velferds­tilboda, helse- og omsorg, skule?

Vil ho at me i større grad skal finansiera velferd gjennom forsikringar og eigne oppsparte pengar?

Når ho skriv om sløsing, handlar det om løyvingar til kunst og kultur?

Når ho skriv om det store og veksande byråkratiet, kva meiner ho konkret med det?

Om lag 35 prosent av dei sysselsette jobbar i det offentlege, 18 prosent innan det kommunale. Her finn me alt frå reingjerings­personale til kommune­direktørar, helse, skule, omsorg etc. Kva grupper vil ho ha vekk eller redusera talet på?

Austlid skriv at Frp alltid har vore eit parti som seier ting rett ut, kallar ein spade for ein spade.

Så då spør eg, er Ap ein trollfabrikk og statsministeren ein løgnar, meiner ho verkeleg at dette er sant? Då saknar eg ei grunngjeving.