– Det var eit sjokk for oss alle saman. Det kan det ikkje vere noko tvil om, sa Vålerenga spelar Carl Lange om den plutselege trenarsparkinga i klubben.
Onsdag kom beskjeden om at Geir Bakke var ferdig som hovudtrenar i Vålerenga.
Under fredagens kamp mellom HamKam og Vålerenga kunne sportssjef i Vålerenga, Joacim Jonsson, komme med nye detaljar rundt trenarsituasjonen.
– Vi jobbar intensivt med det. Vi har nokon veldig, veldig få kandidatar vi jobbar med no og håpar å ha det i mål i løpet av relativt kort tid. Men det er viktigare at det blir riktig enn at det er lynraskt, seier han til NRK.
SNART: Sportssjef i Vålerenga, Joacim Jonsson, seier dei nærmar seg ny tilsetting
Foto: Tore Linvollen / NRK
Ifølge NRK sine opplysningar har Vålerenga no offisielt tatt kontakt med KFUM om deira trenar, Johannes Moesgaard.
Og det bekreftar Jonsson overfor NRK fredag.
– Er Moesgaard ein av dei som står igjen?
– Han er ein av kandidatane som står igjen, ja.
Moesgaard er trenar i KFUM Oslo og har vore hovudtrenar sidan 2023. I sin første sesong leia han klubben til deira første opprykk til Eliteserien. Han har ein kontrakt med klubben til 2027.
KLUBBYTTE? Johannes Moesgaard er for tida trenar i KFUM, men det kan endre seg raskt.
Foto: Marius Simensen / Bildbyrån
Spelarane tekne på senga
Kapteinen til Vålerenga, Henrik Bjørdal, vart sett ut avgjerda onsdag.
– Det var litt overraskande sjølvsagt. Vi hadde ikkje høyrd eit ord. Vanlegvis er det litt skribleri i forkant, men no hadde vi ikkje høyrd noko.
– Er Moesgaard ein mann de kunne tenke dykk?
– Eg kjenner ikkje han så godt, så det blir vanskeleg å svare på. Vi får sjå kva som skjer, avslutta kapteinen.
BJØRDAL: – Det var litt overraskande, seier VIF-kapteinen om trenarsparkinga.
Foto: Terje Bendiksby / NRK
Sportssjef Joacim Jonsson legg til at dei er djupt inne i samtalar med kandidatane.
– Dei kandidatane vi har snevra oss inn på no er vi ganske langt inne i samtalen med. Då er det detaljar og knappar å trykke på.
– Er det å bli einig med klubbane vanskelegast?
– Det kan det bli. Det veit vi ikkje. Det er litt ulike prosessar med kandidatane, avslutta sportssjefen.
Tap på Briskeby
Vålerenga gjesta HamKam på Hamar i den første kampen utan Geir Bakke som trenar. Mellombels er hans tidlegare assistent, Petter Myhre, trenar i påvente av ny person i sjefsstolen.
DUO: Petter Myhre og Geir Bakke var lenge ein duo i Vålerenga.
Foto: Marius Simensen / Bildbyrån
Men den nye endringa ser ikkje ut til å hjelpe dei kongeblå frå hovudstaden.
Etter sju minutt er HamKam i angrep. Ballen legg seg fint til rette på 8 meter og Henrik Udahl har få problem med å sette inn 1–0 til heimelaget.
Vålerenga heva seg etter kvilen og kom til fleire sjansar. Thorvaldsen var nærmast då han trefte tverrliggaren like før slutt. Men ballen ville ikkje over streken.
Kampen enda 1–0 til HamKam. Vålerenga ligg no på ellevte plass, med 8 poeng etter 8 kampar. HamKam ligg på sjette plass med 13 poeng, etter sju kampar spelt.
SIGER: Henrik Udahl vart matchvinnar og scora kampens einaste mål.
Foto: Geir Olsen / NTB
– Vi står her som taparar så vi kan ikkje sei vi fiksa det. Men eg synest vi skapar nok til å snu det. Det går på marginar og vi har ikkje vore gode nok til å få dei marginane med oss, fortalde Vålerenga sin trenar Petter Myhre etter kampen.
Myhre vil fortsette å trene klubben fram til ein ny trenar er på plass.
Publisert
08.05.2026, kl. 20.56
Oppdatert
08.05.2026, kl. 22.08