Det var kommunen sine eigne folk som slo alarm etter ein stikkprøvekontroll tidlegare i vår. Då skal dei ha oppdaga at ein sjukepleiar las i journalane til pasientar ho ikkje har ansvaret for.
Både Datatilsynet og statsforvaltaren i Møre og Romsdal er varsla om saka.
– Nærare undersøkingar tyder på at det er gjort eit betydeleg tal oppslag, utan tenestlege behov. Kommunen jobbar framleis med å avklare detaljane knytt til omfang og tidsperiode, seier kommunen sin advokat.
Det er strengt ulovleg også for helsepersonell å slå opp i pasientjournalar utan å ha ein fagleg grunn for å gjere det.
NRK har valt å anonymisere kommunen og advokaten for å unngå identifisering.
Nektar for å ha gjort noko gale
Sjukepleiaren er tatt ut av teneste, og fekk avskjed på dagen frå kommunen. Gjennom advokaten sin avviser ho å ha gjort noko gale.
– Sjukepleiaren meiner oppslaga er gjort ut frå behov i jobben, og ser fram til statsforvaltaren si behandling av saka. For statsforvaltaren kan det ventast ei forsvarleg saksbehandling der sjukepleiaren får imøtegått det kommunen har kome med på ein skikkeleg og ryddig måte, seier advokat Joakim Augeli Karlsen som representerer sjukepleiaren.
Joakim Augeli Karlsen er advokat for sjukepleiaren som er skulda for journalsnoking.
Foto: Lindbekk Sandnes & co
Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen hos statsforvaltaren i Møre og Romsdal stadfestar at dei er varsla om saka, men vil førebels ikkje uttale seg om innhaldet eller det påståtte omfanget.
Statsforvaltaren undersøkjer saker der det er mistanke om at helsepersonell har brote lova. Dei mest alvorlege sakene blir oversendt Helsetilsynet, og kan i verste fall føre til at helsepersonellet misser retten til å halde fram i yrket sitt.
Ingen pasientar varsla
Inntil vidare er ingen av dei som kan vere utsett for snoking, varsla.
Advokaten til kommunen vil ikkje svare på om sjukepleiaren har noko relasjon til dei ho er skulda for å ha snoka på. Det er ikkje kjent om sjukepleiaren arbeidde på legekontoret eller i helse- og omsorgstenesta i kommunen.
–Dei råka vil bli varsla så fort arbeidet med å avklare omfanget er ferdig, seier advokaten.
Advokaten seier det blir jobba vidare med å vurdere om det er nødvendig å sette inn tiltak for å hindre tilsvarande brot i framtida.
Over 200 snokesaker
Dei siste åra er det registrert 232 saker som gjeld snoking og brot på Helsepersonellova 21a. Tal frå Helsetilsynet viser at statsforvaltarane rundt om i landet har behandla ei rekkje saker:
- 2020: 41
- 2021: 41
- 2022: 33
- 2023: 41
- 2024: 41
I tillegg har Helsetilsynet sjølv behandla 35 saker i same perioden. Hit kjem dei aller mest alvorlege sakene.
Hei
Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt!
Publisert
08.05.2026, kl. 14.51
Oppdatert
08.05.2026, kl. 16.43