Over heile landet vart frigjeringsdagen markert. Det er 81 år sidan Noreg blei fritt att etter fem år med tysk okkupasjon.

I år rettar regjeringa ein spesiell takk til veteranar frå Sjøforsvaret som har delteke i maritime operasjonar frå 1991 og fram til i dag.

Ei av dei som fekk medalje i dag var Karianne Klem, som er busett i Kristiansund.

– Det er stas. Eg synest at vi fortener det. Det er utruleg mykje arbeid og timar bak det vi gjer, seier Klem.

Veteran Karianne Klem fekk medalje frå Sjøforsvaret

Klem viser stolt fram medaljen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Tøft å vere borte så lenge

Klem jobba 15 år i Sjøforsvaret og får medalje for den maritime operasjonen ho deltok i, då ho var på fregatt seks månader samanhengande i Nord-Europa.

– Det er ganske artig å få vere med på. Du gjer noko for landet ditt, seier Klem.

Dei seks månadane var ei øving på krisesituasjonar, saman med andre Nato-land. Ho jobba med kommunikasjon og samband.

Klem trur ikkje folk flest er klar over kor tøft det er å vere borte frå familie og venner så lenge i gongen.

– Det var mange som hadde det vondt, seier Klem.

Det var sjølvsagt moglegheit for å treffe familien i løpet av det halve året i kortare periodar.

En kvinne står foran et minnesmerke ved sjøen. Minnesmerket er til minne om sjømenn fra Kristiansund som falt under verdenskrigene. En krans med norsk flagg ligger ved foten av minnesmerket. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Karianne Klem ser tilbake på 15 år i Forsvaret med glede.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Amerikanarar får takk

Sjølv om seglasen var ei øving med allierte, er kroppen er i beredskap heile døgnet.

41-åringen opplever at det er stor forskjell på korleis dei som tenestegjer i Forsvaret blir møtt i Noreg, kontra i USA.

– I USA takkar alle deg for innsatsen i Forsvaret og forgudar deg, medan nordmenn trekker på skuldrene, seier Klem.

Ho jobbar i dag på butikk og har stifta familie, men fylgjer med på regjeringa si satsing på Forsvaret, der det skal byggast nye fregattar og fartøy.

Dagen for veteranar

8. mai er ikkje berre frigjeringsdagen. Frå 2011 har dagen også vore veterandagen. Dei siste åra har det blitt meir fokus på å fylgje opp veteranane etter teneste. Det er oppretta ein eigen veteranportal.

– Der finn ein informasjon både for dei som ynskjer å dra ut i teneste, familien heime, barn og arbeidsgivarar, seier Fred Robert Alfredsen. Han er områdesjef for heimevernet i Kristiansund og Averøy og deltok på kveldens markering.

En offiser holder tale ved en mikrofon. Bak ham står et korps i uniform. Et norsk flagg vaiet i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fred Robert Alfredsen er områdesjef for heimevernet i Kristiansund og Averøy og la ned krans for sjøfolk frå Kristiansund som mista livet under 1. og 2. verdskrig.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Elskar kvart år

Ingunn Strand er veterankontakt i Kristiansund synest det er viktig at folk får kunnskap om jobben veteranane har gjort og at dei får anerkjenning. For mange kan opplevingane vere tøffe mange år etterpå.

– Det er jo ein viktig dag for dei som har vore ute, men det er også viktig for samfunnet med dei utfordringane vi har på verdsbasis, seier Strand.

Veteranen Karianne Klem huskar tilbake på sine 15 år i Sjøforsvaret med glede.

– Eg har elska kvart år av dei, seier Klem.

Publisert

08.05.2026, kl. 20.46