Bear Grylls og Machine Gun Kelly rappelere i Åkrafjorden.
FOX Media LLC

For om lag eitt år sidan starta arbeidet som til slutt førte eit internasjonalt filmteam til Vestlandet. Robert Melkeraaen i Åkrafjorden Nature fortel at han vart involvert då Rune Karlsen, som tidlegare har arbeidd med Bear Grylls – mellom anna under innspelinga av «Running Wild with Bear Grylls i Noreg» – tok kontakt. Med seg hadde han teknisk støttepersonell med ansvar for tryggleik og prosedyrar.

Kjende namn med røter til Sandeid

Det var eventyraren og TV-profilen Bear Grylls (51) og den amerikanske artisten Machine Gun Kelly (36) som besøkte regionen. Machine Gun Kelly er kjend som rappar, songar, musikar og skodespelar, og har røter frå Sandeid. Tippoldefaren hans, Gudmund Nilsen Østbø, utvandra frå Sandeid rundt 1885. Grylls er på si side kjend frå program som «Mann mot natur» og «Running Wild with Bear Grylls».