Nyheter
Det svenske forsvaret har for første gong sendt opp ein satellitt. Den skal brukast til å kartlegge militære mål i Russland, melder eit svensk nyheitsbyrå.
I BANE: Den svenske satellitten skal gå i låg bane rundt jorda og ta bilete i høg oppløysing, ifølge det svenske forsvaret.
Foto: Försvarsmakten, Planet Labs
Klokka 9 søndag morgon blei ein overvakingssatellitt skoten opp i rommet frå Vanderberg romstasjon i USA.
Denne er eigd av det svenske forsvaret, og er den første operative satellitten deira i rommet, skriv Försvarsmakten i ei pressemelding.
Oppskytinga blei gjort med ein Falcon 9-rakett frå SpaceX, og er ein av omtrent ti som er planlagt til dei komande åra, heiter det vidare.
Måla er blant anna å kartlegge militær mål i Russland, ifølge det svenske nyheitsbyrået TT.
– Dette gir oss eit betre bilete av operasjonsområdet vårt, inkludert område som er vanskeleg å overvake som Arktis, seier den svenske forsvarssjefen, flåteadmiral Anders Sundeman, i pressemeldinga.
– Dette skapar betre føresetnader for Sveriges og Natos forsvarskapasitet, og bidreg til vår emne til å oppdage og nedkjempe truslar på lange avstandar.
Sverige har byrja å bygge eit operasjonssenter for romfart, der det svenske luftforsvaret kan bruke satellittane til å produsere eit situasjonsbilete.
Satellitten som blei skoten opp søndag skal driftast av Planet Labs, og ta bilete i høg opplysing frå ei låg jordbane.