Ein fritidsbåt med tre utandlandske turistar var meldt sakna. Dei tre hadde ikkje kome tilbake til avtalt tid og stad, og Hovudredningssentralen Sør-Norge meldte om aksjonen litt før klokka 01.30.
Dei tre turistane og resten av reisefølget, hadde reist ut for å fiske. Når den eine båten ikkje kom inn igjen, varsla dei andre utleigaren av båtane, som så varsla politiet.
– Sidan dei ikkje kom tilbake blei det innhenta posisjonar og starta søk på vestsida av Ytre Skomsøya på Smøla, fortel vakthavande redningsleiar Steinar Vatne til NRK.
Både redningshelikopter, redningsskøyte, kystvakt, andre naudetatar og frivillige blei sett inn i leitinga, som har pågått store delar av natta.
Publisert
11.05.2026, kl. 05.08
Oppdatert
11.05.2026, kl. 05.21