Dødsulykka på Nordmøre i natt har skaka lokalsamfunnet.
Tre turistar hadde ikkje komme tilbake til avtalt tid etter ein fisketur. Det fekk resten av turfølget til å slå alarm og store ressursar rykte ut til leitinga, men liva deira stod ikkje til å redde.
– Vi er langt ute på havet. Vêret kan vere kraftig her ute, og det kan snu ganske fort, seier Smøla-ordførar Svein Roksvåg.
Politiet har funnet båten etter dødsulykka.
Foto: Kurt Sivertsen
Så langt i 2026 har åtte personar døydd i ulykker med fritidsbåt. For knappe to veker sidan miste ein mann i 30-åra livet utanfor Averøy.
Dermed har halvparten av dødsulykkene med fritidsbåt så langt i år skjedd på Nordmøre.
– Ta sjøvett på alvor
Sjøfartsdirektoratet har ført statistikk på ulykker på fritidsfartøy sidan 2001. Til saman har 247 personar mista livet dei siste 25 åra.
– Mange ulykker kan ein førebygge med riktig utstyr, gode haldningar og ansvarlege val på sjøen.
Det seier Siv Haugvaldstad Bygnes, som er kommunikasjonsrådgivar for seksjon fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet.
Kommunikasjonsrådgivar for seksjon fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet, Siv Haugvaldstad Bygnes, understrekar viktigheita av sjøvett.
Foto: Håkon Kummermo / NRK
Ho seier det er viktig å vere budd og ta sjøvett på alvor når ein skal køyre båt eller opphalde seg i fritidsfartøy.
– Vi oppfordrar alle til å setje sikkerheita først, vere edru og tilpasse både fart og ferdsel etter forholda.
Viktige råd når før ein legg frå kai:
-
Ha alltid på flyteutstyr – i båt, på brygge og ved fortøying, særleg når ein er åleine.
-
Bruk alltid daudmannsknapp.
-
Sørg for å ha kompetanse til båten du skal føre – hald kunnskapen ved like og ta båtførarprøva.
-
Ha ein god leider som er lett å nå frå vatnet.
-
Sørg for å ha vasstett kommunikasjonsutstyr, slik at du kan varsle eller kontakte nokon ved behov for hjelp.
-
Alkohol og båt er ein farleg kombinasjon – ver edru på sjøen.
-
Tilpass farten etter forholda, særleg i mørke og tusmørke.
-
Ver eit godt førebilde – lær barna gode haldningar og trygg ferdsel på sjøen.
Kjelde: Sjøfartsdirektoratet.
– Risikofylt aktivitet
Sverre Limtun er fagdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Dei er tilsynsmyndigheita for båtutleige, men samarbeider med Sjøfartsdirektoratet i tilsynssaker.
I fjor haust starta dei ein landsdekkande tilsynsaksjon retta mot forbrukartenesta båtutleige.
– Handlingsplanen inneber ein visjon om at ingen skal omkomme eller bli hardt skadd ved bruk av fritidsbåt, og inneheld ei rekke innsatsområde med tilhøyrande tiltak.
Sverre Limtun er fagdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Foto: DSB
– Båtutleige er ein risikofylt aktivitet, der det dessverre skjer dødsfall kvart år. Eit viktig verkemiddel for å bidra til å auke sikkerheita og redusere talet hendingar, er å gjennomføre tilsyn hos verksemder som tilbyr båtutleige.
– Ei tragisk ulykke som rører mange
Dette er ikkje første gong øysamfunnet har opplevd liknande. I 2022 mista ein tysk turist livet etter ein fisketur, då båten kantra.
Smøla-ordførar Svein Roksvåg (Sp) seier at lokalsamfunnet er i djup sorg.
– Det er ei tragisk ulykke. Det er klart at når det skjer ei slik ulykke med tre omkomne, så rører det mange. No er det viktig å ta vare på dei som er igjen.
Han fortel at kommunen no tilbyr hjelp til dei som har vore involverte i redningsaksjonen og dei etterlatne i turfølget.
Smøla-ordførar Svein Roksvåg (Sp) fortel at dette er ein tragisk ulykke som rører mange.
Foto: NRK
Roksvåg peikar samstundes på at området kan vere krevjande.
– Først og fremst er det mange turistar der ute. Det er mange båtar på sjøen, og mange selskap som driv med utleige av båtar, seier han.
Roksvåg forklarar at Smøla ligg ope mot storhavet, og at kraftig vind der ute kan føre til store dønningar som slår innover mot øya, i tillegg til sjølve vinden.
Samtidig understrekar ordføraren at aktørane i området arbeider med tryggleik.
– Vi har fleire utleigarar på Smøla, og dei er flinke til å leggje til rette og sørgje for at tryggleiken er godt ivareteken.
Publisert
11.05.2026, kl. 19.00