Ho
har toppkarakteren A på den spanskfaglege mastergraden sin frå UiT Noregs
arktiske universitet. Det skulle normalt vere eit godt utgangspunkt for ein
søkar til ei doktorgradsstilling der språkvitskap og spansk som fag er
etterspurt.
Men
for Carina Lia utspelte det seg annleis. Søknaden vart avvist av Universitetet
i Søraust-Noreg (USN), og det før det var gjort ei einaste fagleg
vurdering.
—
Eg har prøvd i over ein månad å få ei konkret fagleg og rettsleg grunngiving,
men eg har ikkje fått noko skikkeleg svar, seier Lia til Khrono.
USN
meiner dei ikkje har gjort noko feil og peikar på at dei lyste ut fleire stillingar
innan fleire fagområde og at språk, litteratur og historie er blant dei. Sjå
utfyllande svar lenger nede i saka.
«Ansett som mangelfull»
Carina Lia meiner på si side at forklaringa ho har fått frå universitetet ikkje held mål og dessutan har endra karakter undervegs: Først vart avslaget
forklart med at masteroppgåva var skriven på spansk, deretter med generelle
dokumentasjonskrav, og til slutt med «prosessøkonomiske» omsyn.
— Eg blir dermed diskvalifisert til ei stilling
med spansk som fagområde fordi masteroppgåva mi er skriven på spansk,
seier ho.
Det næraste Lia meiner
å ha kome ei grunngiving frå USN, er svaret frå dekan Per-Ludvik
Kjendlie ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap: I ein
e-post 20. april svarte han, etter purring, at «søknaden ble ansett som
mangelfull fordi masteroppgaven ikke forelå oversatt til norsk eller
engelsk».
Og
vidare:
«(…) uten en slik
oversettelse vil en sakkyndig komité ikke kunne foreta en forsvarlig faglig
vurdering av søknaden».
— Prinsipielt problem
Den
sakkunnige komiteen, som har til oppgåve å gjere dei faglege vurderingane av
søkarane, vart oppnemnd 19. mars. Fem dagar seinare, 24. mars, fekk Lia
beskjeden om avslaget.
— Det reiser spørsmål om søknaden min vart stansa fordi prosessen
allereie var lagd opp utan å ta tilstrekkeleg høgde for spanskfaglege søknader,
særleg sett i lys av at USN også har vist til «prosessøkonomiske omsyn», seier
Lia.
Også
dette spørsmålet har ho stilt til USN, men så langt utan å få svar.

Dei har ikkje søkt spesifikt etter kandidatar som jobbar med spansk, skriv dekan Per-Ludvik Kjendlie.
USN
Lia stiller også spørsmål om korleis USN ville sikre spanskfagleg
kompetanse i vurderinga dersom søknaden vart sendt vidare. Ho peikar på at
problemet ikkje nødvendigvis er at nokon i komiteen måtte kunne spansk, men at søknaden hennar vart stansa før det i det heile vart vurdert om
slik kompetanse måtte hentast inn.
— Dette
handlar ikkje berre om mi sak, men om eit prinsipielt problem for USN: Enten
har administrasjonen gjort ein feil ved å stanse søknaden min før han fekk ei
fagleg vurdering. Eller så er utlysinga og vurderingsprosessen feilkonstruert,
fordi dei ikkje tok høgde for at spanskfaglege arbeid faktisk må kunne
vurderast på spansk.
Lia har no bede både tilsettingsorganet og styret ved USN ta stilling
til om prosessen har vore forsvarleg innretta for spanskfaglege søknader, og om
saka kan vidareførast på eit tilstrekkeleg opplyst grunnlag.
I brev til
«Tilsettingsorganet for stipendiatstillinger» ber ho om at vedtak blir sett på
vent til «prosessens forsvarlighet, regelverksforankring og
beslutningsgrunnlag» er blitt undersøkt.
Ifølgje brevet hennar gir
svaret frå dekanen ved USN grunn til å stille «alvorlige spørsmål om hvilken
fagkompetanse USN mener er nødvendig for å vurdere søknader innan et
uttrykkelig utlyst språkfag».
— Ei omsetting av masteroppgåva til engelsk eller norsk vil gjere
teksten leseleg, men det kan ikkje erstatte fagkompetansen som er nødvendig for
å vurdere kvaliteten på eit forskingsarbeid innan spansk som akademisk fag,
seier ho.
Masteroppgåva hennar handla om bruk av konjunktiv i spansk.
— Kan hindre kandidatar
Lia meiner at språkkravet som USN har brukt mot henne kan ha
langt vidare konsekvensar:
«Søkere innan norsk og engelsk får sine faglige arbeider vurdert
direkte, mens søkere innan spansk, slik kravet nå er praktisert, i realiteten
må bekoste sertifisert oversettelse av en hel masteroppgave (i mitt tilfelle 81
sider) for å passere den administrative grovsorteringen».
Lia viser til at masteroppgåver i spansk ved norske
universitet blir skrivne på spansk.
— Ei sertifisert omsetting av ei heil masteroppgåve krev ein omsetttar med
betydeleg innsikt i fagterminologien. Eg stiller spørsmål ved om eit slikt krav i praksis er realistisk å oppfylle innan søknadsfristen, særleg når kravet ikkje kjem tydeleg fram i utlysinga. Eit krav om sertifisert omsetting av ei heil
masteroppgåve vil i praksis kunne fungere som ei særleg hindring for
norske spanskfaglege kandidatar, seier ho
Prisen for ei profesjonell omsetting vil ifølgje tilbod Khrono har sett kome på mellom 70.000 og 90.000 kroner, ei utgift søkaren eventuelt må dekke.
I grunngivinga for avvisinga som Lia fekk frå dekanen viser han til at framgangsmåten deira er «vanlig praksis ved de fleste norske
institusjoner».
— Paradoks
USNs
eigne retningslinjer slår fast at utvalet som i første omgang skal sortere
søknader, skal ta ut dei som «åpenbart ikke oppfyller kvalifikasjonskravene».
I
retningslinjene heiter det også at eventuell tvil skal kome søkaren til gode,
slik at kandidaten blir tatt med vidare og i vurderinga til den sakkunnige
komiteen.

Universitetet i Søraust-Noreg søkte etter stipendiatar til KULL26 ved ph.d. programmet for humaniora, kultur- og utdanningsvitskap. Språk, engelsk norsk og spansk, er blant dei etterspurte fagområda.
USN
— Eg godtar sjølvsagt om eg ikkje når opp, dersom det
finst forsvarlege grunnar for det. Men eg har berre fått beskjed om at eg ikkje er
kvalifisert, utan at USN har gitt ei fagleg og rettsleg forankra grunngiving. Å
bli stansa frå fagleg vurdering til ei stilling der spansk uttrykkeleg er nemnt
som fagområde fordi masteroppgåva er skriven på spansk, er eit paradoks USN
førebels ikkje har gitt ei tilfredsstillande forklaring på, seier Lia.
I utlysinga frå USN står det mellom anna at dei legg vekt på «studier innenfor språkvitenskap i bred forstand, spesifikke språkfag (f.eks. engelsk, norsk og spansk), litterære og tekstvitenskapelige emner, samt historie».
USN: — Vi er forplikta
Rektor ved USN, Pia Cecilie Bing-Jonsson, seier til Khrono at ho «har høyrt om saka», men viser til dekan Per-Ludvik Kjendlie og personal- og organisasjonsdirektør Hege Oftedahl for spørsmål og kommentarar.
Oftedahl viser til at det i utlysingsteksten for ph.d.-stillingane står at «alle dokumenter må være på et skandinavisk språk eller på engelsk».
— Vi meiner dette er uttrykkeleg opplyst i annonsen. Søkaren har ikkje levert etterspurt dokumentasjon på dei kvalifikasjonskrava vi har etterspurt. Vi har gjort ei vurdering. Det var mange søkarar, og vi har vurdert opp mot kvalifikasjonsprinsippet, som vi er forplikta til, seier Oftedahl.

Hege Oftedahl er personal- og organisasjonsdirektør. Ho seier USN ikkje har gjort nokon feil.
USN
— Sidan det spesifikt blir etterspurt spanskfagleg kompetanse, er det då ikkje naturleg å kunne tolke dokumentasjonskravet som at ei spanskspråkleg oppgåve ikkje er del av kravet om at det må vere på skandinavisk eller engelsk?
— Vi tenker at vi har vore tydelege på kva vi har kravd. Prinsipielt må vi behandle alle likt.
— I og med at utlysinga etterspør spanskfagleg kompetanse, er det ikkje då merkeleg at ein søkar med spanskfagleg kompetanse skal bli avvist før sakkunnig vurdering?
— Det er rett at spansk er nemnt i utlysinga. Samstundes er også andre fag nemnt. Det er lyst ut stillingar innanfor fleire fagområde. Språk, litteratur og historie, SLH, er blant desse.
Oftedahl stadfestar at det ikkje er spanskyndige med i den sakkunnige komiteen.
Dekan Kjendlie svarar Khrono på e-post:
«I denne saken er det viktig å notere seg at vi ikke har lyst ut en spesifikk stilling med spansk som tema, men søker etter kandidater innenfor doktorgradsprogrammets fulle faglige bredde. Doktorgraden har røtter i vitenskapsområder som samfunnsvitenskap, humaniora og utdanningsvitenskap og henter teoretiske perspektiver, begreper og metoder fra disiplinfag som sosiologi, pedagogikk, språkfag, historie, litteratur, idrett, estetiske fag, statsvitenskap, psykologi, antropologi osv. Metoder og begreper fra fagene brukes for å analysere pedagogiske prosesser og kulturelle fenomener. Doktorgraden har tre fagområde, språk, litteratur og historie; kulturstudium, kunst og idrett, og utdanningsforskning, læringspraksiser og pedagogikk».