– Labour har ein prosess for å utfordre ein leiar, og denne har ikkje vorte utløyst, sa Starmer til statsrådane på regjeringsmøtet tysdag.

Trass aukande press vil statsminister i Storbritannia Keir Starmer bli verande i jobben. Det skriv kontoret hans tysdag.

Tema for regjeringsmøtet var framtida til Starmer etter nederlaget i lokalvalet.

78 parlamentsmedlem frå statsminister Keir Starmer sitt eige parti, Labour, har kravd at han trekker seg. Det er nesten 20 prosent av dei 403 representantane Labour har sitjande i parlamentet.

To kvinner bruker mobiltelefoner utenfor bygninger. Flere kameraer og lydutstyr står på stativ i forgrunnen. Det er en gate og gjerde i bakgrunnen. Bildet er tatt utendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Pressa følger spent med utanfor Downing Street tysdag morgon.

Foto: BROOK MITCHELL / AFP,NTB

Regjeringsmøtet starta like etter 10.30 norsk tid tysdag og varte ein times tid.

«Destabiliserande»

På møtet sa Starmer at dei to siste døgna har vore «destabiliserande» for regjeringa og at dette har kosta landet og familiar dyrt.

– Landet forventar at vi held fram med å styre. Det er det eg gjer, og det vi må gjere som regjering, sa han.

To menn i dress og slips går utendørs. Bakgrunnen er en mursteinsvegg. Begge smiler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tysdag morgon er regjeringsmedlemmar på veg inn til Downing Street. Her er visestatsminister David Lammy til venstre og den britiske regjeringsadvokaten Richard Hermer.

Foto: BROOK MITCHELL / AFP,NTB

Det var ei splitta regjering som møtte tysdag morgon. Seks statsrådar var venta å be Starmer trekke seg under regjeringsmøte, melder den britiske avisa The Telegraph.

Trass mykje kritikk, får Starmer også støtte.

– Dette er ikkje eit spel, skriv bustadminister Steve Reed på X.

– Denne ustabiliteten har konsekvensar for folk sine liv. Dei som vil bli hardast råka, er dei som valde oss for mindre enn to år sidan. Vi må samle oss bak statsministeren, held han fram i innlegget.

Statssekretær trekker seg

Like før regjeringsmøtet starta, meldte statssekretær Miatta Fahnbulleh har ho trekker seg frå regjeringa, som den første og førebels einaste i saka mot Starmer. I brevet kom ho også med ein klar beskjed til Starmer:

Eg oppmodar statsministeren til å gjere det rette for landet og partiet, og setje ein tidsplan for ein ordna overgang, skriv ho på X i dag.

Fahnbulleh skriv også at verken ho eller folket har trua på at Starmer kan leie Storbritannia gjennom endringane det krevst for å få landet på rett kurs att.

Måndag trekte seks rådgjevarar i regjeringa seg frå rollene sine.

– Eg har grenselaus tillit til Labour-partiet og til evna vår til å reise oss etter dette. Det er derimot diverre no klart at statsministeren ikkje lenger har tilliten eller tiltrua frå ålmenta til å leie denne endringa.

Det skreiv éin av dei som trekte seg, Joe Morris, i ei uttale ifølgje The Independent.

Lokalvalnederlag

Presset mot Starmer skjer i kjølvatnet av det katastrofale nederlaget for Labour i lokalvalet førre veke. Partiet mista hundrevis av representantar til det ytre høgre-partiet Reform UK og det venstrepopulistiske partiet Dei Grøne.

En mann og en kvinne går langs en gate forbi en valgskilt. Mannen har på seg mørk dress og kvinnen har på seg hvit blazer og jeans. Mannen og kvinnen går hånd i hånd. En annen mann i mørk dress går bak dem. En rød buss er synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Keir og Victoria Starmer kom saman for å stemme under lokalvalet i Storbritannia 7. april.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP,NTB

Labour mista også sin hundreårige dominans i Wales. Samstundes blei dei slått av det skotske nasjonalpartiet (SNP) i det sjølvstyrte parlamentet i Edinburgh.

Starmer har vore statsminister i Storbritannia i nesten to år sidan han tok over for Rishi Sunak.

Publisert

12.05.2026, kl. 10.58

Oppdatert

12.05.2026, kl. 12.06