Det melder Aftenposten tysdag morgon.

I samband med revidert statsbudsjett, som kjem i dag, blir Stad skipstunnel nok ein gong vraka. Det er sett av kroner null til prosjektet, melder statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Vi har tatt ein ny runde for å sjå kva tilboda kunne bli. Det ligg minimum tre milliardar over kostnadsramma som Stortinget har vedteke, og det er før prosjektet har byrja. Prosjektet blir for dyrt og derfor set vi no ein sluttstrek for det, seier Støre til Aftenposten.

Les også

Ny pris for skipstunnelen: 8,6 milliardar

Pris utan moms, altså pengar staten i praksis betalar til seg sjølv, er prisen 6,9 milliardar kroner.

Dette vil dei prioritere

Finansminister Jens Stoltenberg seier avslaget til skipstunnelen handlar om at regjeringa vil prioritere andre prosjekt.

– Ikkje minst vedlikehald, rassikring og andre samferdsleprosjekt på Vestlandet, seier Stoltenberg til avisa.

Regjeringa legg opp til å bruke 4,9 milliarder mindre av oljefondet i revidert budsjett enn i det som blei vedtatt før nyttår.

Å halde framdrift i skipstunnelprosjektet hadde lasta årets budsjett med 150 millionar kroner. Dette er altså stroke vekk.

Les også

– Pinleg korleis dei herjar med Vestlandet


– Få vil brukt den

– Vår vurdering er at i ei tid der vi må bruke mykje meir pengar på helse og omsorg, fordi vi blir fleire eldre, der vi må auke løyvingane stort til forsvar, så er det viktig at vi bruker pengane der dei gir mest nytte, seier Stoltenberg på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag i følgje NTB.

– Dette er eit prosjekt med veldig låg nytte. Det er relativt få som ville bruke den skipstunnelen, seier finansministeren.

Heile revidert statsbudsjett blir lagt ut kl. 11.45 tysdag. Så må det forhandlast med støttepartia Raudt, SV, Sp og MDG.

Les også

Startar ny innsatsgruppe for Stad skipstunnel

Les også

Dette betyr budsjettet for lommeboka