Dei har ein samla leveranse på 0,9 TWh per år i 2029 og 2030, og 1,3 TWh per år i perioden 2031–2038.

Det kjem fram på nettstaden til industrikonsernet.

Avtalane sikrar ei samla levering av kraft på 12,3 TWh over ein tiårsperiode til Hydro sine aluminiumsverk i Noreg. Av dette skal 8,8 TWh leverast i prisområde NO2 og 3,5 TWh i NO3.

– Denne avtalen understrekar kor tett kraft og industriutvikling heng saman i Noreg. Saman med Statkraft styrker vi den langsiktige konkurransekrafta for aluminiumproduksjonen vår, seier Hydro-sjef Eivind Kallevik, og held fram:

– Aluminium spelar ei viktig rolle for samfunnsutviklinga, og tilgang på kraft til konkurransedyktige prisar er avgjerande for at vi skal kunna levera framtidige løysingar med låge utslepp til kundane våre.

Basert på fornybar energi kan Hydro produsera aluminium i Noreg med eit karbonavtrykk som er om lag 75 prosent lågare enn det globale gjennomsnittet, skriv dei sjølve.

– Som Noregs største kraftprodusent er det jobben vår å sørgja for straum til norsk industri. Difor er vi svært glade for at vi har funne gode og konkurransedyktige løysingar saman med Hydro. Med desse to nye, langsiktige avtalane fører vi vidare eit godt samarbeid som har vart svært lenge, seier konsernsjef i Statkraft, Birgitte Vartdal, ifølge nettstaden.

Les også

Vil ha svar etter saka om sal av tomt: – Direkte tap er i alle fall fem millionar