Ukrainske Frogwares har laga ei lang rekke eventyrspel med fokus på mysterium og etterforsking, først og fremst basert på meisterdetektiven Sherlock Holmes. I 2019 kom dei med ein liten vri då dei lanserte The Sinking City, eit spel basert på Cthulhu-mytologien til H.P. Lovecraft.
Eit par år seinare kom ei oppussa utgåve av Cthulhu-spelet, og sjølv om Frogwares etter den umiddelbart starta arbeidet med The Sinking City 2, måtte det leggast på is då Russland invaderte Ukraina.
Nokre mindre prosjekt seinare fekk derimot Frogwares starta opp at arbeidet, og til sommaren er det klart for eit nytt Lovecraft-eventyr, men mykje har skjedd sidan førre spel i serien.
Spelet heiter trass alt The Sinking City 2.
Øystein Furevik/Gamer.no
Monsteret i skapet
The Sinking City 2 introduserer oss for Calvin Rafferty og Faye Bennet, eit forelska eventyrarpar par i 20-åra som tek ting litt for langt under eit okkult rituale. Berre Calvin kjem tilbake frå det, medan Faye endar opp i koma. Calvin legg då ut på ei farleg jakt for å vekke ho til live igjen, og rette opp feila han gjorde i sin iver etter å utforske det okkulte.
Vi har altså med ein heilt ny hovudperson å gjere, og det er på ingen måte naudsynt å spele det første spelet før du går i gong.
Der Frogwares i tidlegare spel har hatt stort fokus på å samle bevis og spor som kan leie deg til ein konklusjon som kan hjelpe deg med å forstå kva i alle dagar som føregår, er The Sinking City 2 hakket meir rett fram. Du må framleis sanke spor, og sortere gjennom dei, men fokuset på å finne ting er redusert.
Vi har fått tilgang til ein tidleg demo der vi fekk teste to ulike område. Eit av dei var tidleg i spelet der vi må utforske det oversvømte Miskatonic University i byen Arkham. Seinare fekk vi prøve oss på utfordringar lengre ut i spelet, der vår helt har fått meir utstyr, fleire våpen, og moglegvis ein større sjanse for å overleve.
Dette med å overleve er eit nøkkelord for The Sinking City 2, for her lurer det farar rundt kvart hjørne. Dette er eit spel som strengt tatt minnar meir om Resident Evil enn ei detektivhistorie med okkulte over- og undertonar, samt enkelte farlege situasjonar.
Det er rikeleg med beist i spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no
Alltid beredt
Eg vil på ingen måte kalle The Sinking City 2 eit actionspel, men det er eit spel som kontinuerleg prøvar å lure deg til å tru det er fleire farar her enn kva det kanskje er. Baksida med slikt er sjølvsagt at det er når du først slappar av at eitt eller anna hoppar ut frå ei dør du ikkje såg og bit og riv i deg til du nesten går i bakken.
Spelet er velkjent prosedyre for alle som har spelt eit Resident Evil-spel, eller liknande. Kameraet heng bak Calvin, som alltid har eit våpen klart. Du har lite ammo, kan lage meir av både den og medisin sjølv med ting du finn, og du har aldri meir av noko enn du verkeleg treng.
For det meste går tida med på å utforske. Plukke opp viktig info, og nyttige gjenstandar, og prøve å finne vegen vidare. Dette er ikkje eit spel med fri lagring, men der du må kome deg til eit trygt rom for å få sikra deg. Meir Resident Evil-inspirasjon. Ein detalj eg set pris på er korleis kartet alltid viser om du har fått med deg alt. Eit blått rom indikerer at her er det ikkje meir å finne, medan raude rom enno byr på hemmelegheitar.
Der spelet skil seg frå inspirasjonskjeldene er gjennom systema for å løyse mysteria. Når du finn nye spor, kan du legge dei inn i ein slags database der du kan lenke saman og gruppere spor for å løyse utfordringane som ventar og finne ut kva du skal gjere.
Det er rikeleg med beist i spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no
Konklusjon
Etter eit par timar med The Sinking City 2 er det lov å vere optimistisk. Dette er eit spel som kanskje ikkje gjer veldig mykje nytt og spanande reint spelteknisk, men det nyttar Cthulhu-universet veldig godt.
Har du lest bøkene til H.P. Lovecraft, eller spelt Call of Cthulhu-rollespelet basert på hans skribleri, vil du raskt kjenne deg igjen her. Mange stadar, namn og termer er lett å kjenne igjen, medan den generelle stemninga er knakande god, noko som lovar svært godt for det ferdige spelet.
Så langt ser spelet ut til å by på godt med variasjon. Balansen mellom å nedkjempe farlege skapningar før dei tek deg, og det å finne ut kva som skjer, framstår god. Å gå rundt med halvtomt magasin medan du høyrer lyden av noko som romsterer i etasjen over, gjer absolutt sitt for å skape ei akkurat passe nifs stemning.
The Sinking City 2 blir lansert på PlayStation 5, Xbox Series S/X og Windows (testa) til sommaren.