Måndag morgon er det ein travel, men svært nøgd vinnar Firda får tak i på telefonen.
Brede Aase har nettopp lagt bak seg ein finalefest etter at det søndag kveld vart kjent at han vart vinnaren av sesong fire av «Spillet» på TV 2.
– Det er ordentleg stas! Eg trur verken eg eller nokon i min nærmaste krets hadde trudd at eg skulle klare å gå heile vegen. Så det er jo veldig morosamt, seier han.
– God kjensle
Årets finale i «Spillet» stod til slutt mellom Ronny Brede Aase, Birgit Skarstein og Sebastian Solberg.
Sjølv om finalen vart spelt inn for eit år sidan, sit kjenslene frå sjølve vinnar-augeblikket framleis tett i minnet.
– Først og fremst vart eg litt overvelda. Det er jo eit intenst rom å sitte i. Og så vart eg veldig overraska og veldig, veldig glad! Eg fekk ei veldig god kjensle i kroppen, rett og slett.
Satsa på lagånd
Gjennom sesongen har Brede Aase vore del av det som vart kalla «det lilla laget», og han og Bahare Viken starta opphaldet i eit skjult rom i kjellaren. Der fekk dei oppgåva med å bygge eit lag beståande av deltakarar som blei stemt ut.
Medan mange andre deltakarar valde ein litt hardare og kynisk taktikk, gjekk Brede Aase motsett veg. Han meiner det sterke samhaldet var nøkkelen til at han nådde finalen.
– Vi vart ein veldig god gjeng, der lagånd og tryggleik stod i fokus. Og eg føler at det funka. Når vi då kom opp frå det skjulte rom så hadde vi moglegheit til å slå ifrå oss. Det var veldig stas.

SPILLET: Denne gjengen var med i fjerde sesong av Spillet på TV 2.
Foto: Espen Solli/TV 2
Det gode samhaldet til det lilla laget har fortsett også etter at kameraa blei slått av.
– Vi var faktisk på grilling hos Stian Blipp for eit par veker sidan, med unnatak av Birgit som var i USA. Det er ein veldig fin gjeng som eg har blitt veldig glad i, og vi kjem nok til å treffast igjen fleire gonger.
Målet for deltakinga
Sjølv om opplevinga var prega av leik og godt samhald, legg ikkje Brede Aase skjul på at spelet kravde sitt når det spissa seg til mot finalen.
– Det tøffaste var nok kanskje mot slutten. Vi gjekk frå å spele som eit lag til å spele for oss sjølve. Då måtte ein ta eit par tunge val for å sikre at ein sjølv fekk bli igjen.
Han fortel at hovudmålet hans var ikkje å vinne, men å kome så langt som mogleg.
– Tenk å få vere med på innsida av favorittprogrammet sitt, kor dei legg til rette for at vaksne kan få vere med på leik og moro?! Så målet mitt var å få vere med på heile denne reisa og ikkje gå glipp av noko.
Hemmeleg i eit år
Brede Aase heldt sigeren hemmeleg i over eit år. Noko som har gått relativt greitt, fortel han.
– Det er jo slitsamt å halde på ein hemmelegheit, så då er det betre å late som at det ikkje finst! Så taktikken min har vore å ikkje prate om sesongen og berre skubbe det litt unna. Og det har gått veldig bra fram til dei siste vekene. For då byrja folk å spørje om eg vann og sånt, seier han litt lattermildt.
Sesongen har han sett ilag med kona Tuva Fellman, noko han skildrar som ei veldig artig oppleving.
– Ho har jo ikkje visst noko som helst, så det har vore veldig gøy å sjå hennar reaksjonar på ting.
Investerer i livsdraumen
Brede Aase ser tilbake på deltakinga med glede og skildrar opphaldet som ei svært god oppleving.
– Eg er veldig glad for at eg turte å bli med. Eg vurderte jo lenge om eg skulle hive meg med på dette, men så tenkte eg berre «fader og, eg må jo berre prøve!». Så då gjekk vi for det, og det er eg veldig glad for.
Sigeren førte med seg ein pengepremie på 250 000 kroner, som han fortel skal gå til hotellprosjektet som han og kona har i Hellas.
– Det er kjært tilkomne pengar, kan ein seie! Men det er jo ikkje noko som er betre enn å kunne investere i ein livsdraum, seier han og smiler.

Les også
Venene åtvara, men Ronny og Tuva gjorde det likevel

Les også
Ronny er den synlege, men det jobba ein førdianar i kulissane også