Tysdag kveld kjempa femten land om finaleplass i Eurovision. Berre ti av dei gjekk vidare.

Israel og Noam Bettan med bidraget «Michelle» var eit av desse.

– Eg melder om både buing og applaus i salen, sa Marte Stokstad, NRK sin Eurovision-kommentator, etter bidraget.

Høge rop kunne høyrast frå salen då han byrja å syngje:

«Stopp, stopp folkemordet!»

Her kan du høyre ropa:

Publikum roper mot Israel under semifinalen i ESC

Personen blei fjerna av tryggingsvakter for å «ha halde fram med å forstyrre publikum», uttaler EBU og austerriksk kringkasting.

I tillegg blei tre andre personar viste bort på grunn av «forstyrrande åtferd».

Også Sverige og storfavoritten Finland er blant landa som er vidare til finalen.

Desse gjekk vidare til finalen

Ti land gjekk vidare til finalen frå den første semifinalen:

  1. Hellas
  2. Finland
  3. Belgia
  4. Sverige
  5. Moldova
  6. Kroatia
  7. Serbia
  8. Israel
  9. Litauen
  10. Polen

Noreg deltek i den neste semifinalen.

Skjebna til det norske bidraget blir avgjord i den andre semifinalen – torsdag kveld. Då skal Jonas Lovv til dyst.

Kontroversiell deltaking

Sidan konflikten mellom Israel og Hamas eskalerte i 2023 har Israel si deltaking vore den største Eurovision-konflikten.

I fjor planla den europeiske kringkastingsunionen (EBU) ein avstemming blant medlemslanda om deltakinga til Israel.

Men før avstemminga skjer, vert det forhandla fram ein våpenkvile mellom Israel og Hamas.

Det vart inga avstemming og Israel fekk grønt lys til å delta i årets Eurovision.

Deltakinga har ført til store protestar.

Spania, Nederland, Irland, Slovenia og Island har alle trekt seg frå konkurransen i år.

En mannlig artist synger i mikrofon med et stort publikum i bakgrunnen. En kvinnelig danser står ved siden av ham på scenen. Begge er kledd i skinnklær og er i bevegelse. Scenen er opplyst av sterke lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Israel og Noam Bettan sin deltaking i Eurovision skapar debatt. Her ifrå prøvane før den første semifinalen.

Foto: AP

I 2024 signerte rundt 300 artistar eit opprop mot israelsk deltaking.

Julie Bergan var ei av dei som signerte, men er i år låtskrivar på det svenske Eurovision-bidraget. Ho skjønnar at folk reagerer på deltakinga.

– Men eg tenker likevel at det går an å ha to tankar i hovudet på ein gong, sa ho til NRK tidlegare i mai.

Millionavsløring

Israel har brukt millionar på å marknadsføre sine eigne Eurovision-artistar dei siste åra, avslørte The New York Times måndag.

Israelske styresmakter skal ha oppfordra folk til å bruke alle stemmene sine på Israel.

I stemmereglane til EBU står det at det er lov med «passande» promotering av artistar, men dei frårår store promoteringskampanjar.

Noam Bettan jubel Israel

Israel har fått ei formell åtvaring frå EBU for brot på reglane for promotering.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Også Noam Bettan, årets artist, har vorte promotert gjennom målretta annonsar. Den israelske kringkastaren Kan fekk ei formell åtvaring 8. mai for promoteringa.

– Årsaka er reklamevideoar i sosiale medium der artisten som representerer Kan oppfordrar folk til å bruke alle stemmene sine på han. Det er ikkje i tråd med EBU sine reglar, sa Eurovision-sjef Martin Green.

Publisert

12.05.2026, kl. 23.17

Oppdatert

13.05.2026, kl. 00.06