Saka vart oppdatert klokka 15:10 med kommentarar frå dei administrerande direktørane i Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal, Jan Frich og Olav Lødemel.
Det kjem fram av ei sak administrerande direktør i Helse Midt-Noreg Jan Frich legg fram for styret der 20. mai.
Helse Møre og Romsdal ligg an til eit underskott på 490 millionar kroner i 2026. Særleg prosjektet med nytt sjukehus på Hjelset har vore kostbart for helseføretaket.
For å bøte på vil Frich føreslå ein krisepakke på 275 millionar kroner fordelt på dei komande fem åra:
- 2026: 75 millionar kroner
- 2027: 100 millionar kroner
- 2028: 50 millionar kroner
- 2029: 25 millionar kroner
- 2030: 25 millionar kroner
Saka må verte godkjend av styret som har møte 20. mai, før krisepakka eventuelt vert godkjend.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit
– Absolutt ikkje nok
– Det er veldig bra, men det er absolutt ikkje nok, seier Elisabeth Kirkholm.
Ho er konstituert føretakstillitsvald i Fagforbundet i Helse Møre og Romsdal.
– Sjølvsagt burde det vore høgare, men vi skal jo vere glade for at det kjem noko. Alt hjelper på slik det er no.
– Det er bra vi får noko, men det er på langt nær ikkje nok. Slik oppsummerer konstituert føretakstillitsvald Elisabeth Kirkholm nyheita.
Foto: Privat
Ho trur pengane ikkje kjem til å direkte betre arbeidsforholda for tilsette ved sjukehusa, men at dei vil hjelpe på dei allereie varsla kutta og omstruktureringane.
– Omstilling og kutt på ein bu seg på at kjem uansett. Men det er renteutgifter no som også går opp, so dette vert endå tøffare enn førespegla tidlegare, seier Kirkholm.
Også Trine Bruseth Sevaldsen i Norsk Sjukepleiarforbund i fylket har delte meiningar om den moglege krisepakka.
Ho seier ho først vart positivt overraska over at det kan kome ein krisepakke og at dette kunne monne godt. So såg ho at det var snakk om 275 millionar over fem år.
– Det er jo som å kaste vatn på lusa. Det er overhovud ikkje nok, seier Sevaldsen.
Leiar i sjukepleiarforbundet i Møre og Romsdal, Trine Bruseth Sevaldsen, trur ikkje krisepakken vil merkast nede på golvet. Her frå eit folkemøte om krisehjelp til HMR 7. mai.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
– Helse Midt-Noreg har jo kome oss i møte som ein start. Honnør til dei, for all del. Men dette hjelper jo ikkje eigentleg det reelle behovet Helse Møre og Romsdal har.
– Korleis trur du desse pengane som truleg vert løyva kjem til å påverke kvardagen til tilsette ved helseføretaket?
– 75 millionar var føreslått for 2026. Klart det vil hjelpe noko, men når utfordringa er på 400 millionar totalt sett, so vil jo det monne i små dropar. Eg trur ikkje dette vil merkast nede på golvet, seier Sevaldsen.
Ein start, men ikkje løysinga
– Dette er ein start, men ikkje ei løysing. Vi er glade for at Helse Midt-Noreg erkjenner at Helse Møre og Romsdal trenger ei spesiell støtte, men 75 millionar i 2026 løyser ikkje ei økonomisk utfordring på nær ein halv milliard.
Det seier dagleg leiar i Sunnmøre regionråd Sverre Øvrelid Steen, som har engasjert seg for økonomien til helseføretaket.
– Det som er avgjerande er jo om dette faktisk oppnår føremålet. Skjermar det pasienttilbodet, beredskapen, dei tilsette – eller er dette å skubbe på problemet slik at ein framleis kan gjennomføre dei same kutta, spør Steen.
I det større biletet meiner han at HMR ikkje berre treng pengar til å løyse det akutte problemet med underskott, men treng berekraftige rammer til å løyse oppdraget sitt.
– Sender denne krisepakka føretaket i leia mot noko som er berekraftig?
– Eg les dette først og fremst som ei erkjenning. Ja, det er ein start, men vi treng meir enn dette her, seier Steen.
Sverre Øvrelid Steen i Sunnmøre regionråd er engasjert for økonomien til helseføretaket i Møre og Romsdal.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Skjønar misnøya, men må kutte likevel
Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg Jan Frich seier han forstår at mange ser på krisepakken med litt bismak i munnen.
– Samtidig er det slik at vi har dei moglegheitene vi har innanfor vår regionale økonomi. Det er mange behov og mange prosjekt. Når eg no går til styret og føreslår dette, so er det innanfor det handlingsrommet vi har no til å kunne hjelpe på situasjonen, seier Frich.
Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg Jan Frich seier summen han vil gje Helse Møre og Romsdal er alt han kan gje.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Olav Lødemel, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, seier han er glad for dei ekstra pengane som kan kome på konto, spesielt for å kunne utbetale løn framover.
– Men det er ikkje slik at vi kan unngå å omstille likevel. Vi må faktisk gjennomføre dei planane vi har i år og neste år, trass i denne inntektsstøtta, seier Lødemel.
– Men vil desse pengane nå heilt ned på golvet, eller vil dei bli spist opp av renter og lån?
– Det vil nå ned på golvet i form av at vi sikrar verksemda vår. Vi er jo ei kjempestor bedrift, har ti milliardar i årsbudsjett og har store lønnskostnader til ei kvar tid, og det må vi ha pengar til å kunne betale løn, seier direktøren.
– Vil desse pengane endre planane de har for kutt i år?
– Vi har jo behov for å omstille i ganske omfattande grad i år og neste år. Men det er klart at meir pengar inn gjer at det ikkje vert den akutte krisa, seier Lødemel.
Administrerande direktør i HMR Olav Lødemel seier helseføretaket vert nøydde til å kutte trass i den nye krisepakka frå HMN.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Folkemøte om hjelp frå regjeringa
7. mai var bystyresalen i Ålesund fylt til randa og vel so det på eit folkemøte der dei frammøtte bad om hjelp til å berge Helse Møre og Romsdal sin økonomi.
Initiativtakarane kravde ekstra pengar frå regjeringa då desse skulle legge fram revidert nasjonalbudsjett tysdag 12. mai.
Men budsjettet kom og ingen friske pengar til HMR var i sikte. Men no kjem altso meir pengar frå sjefane i Trøndelag.
Publisert
13.05.2026, kl. 10.37
Oppdatert
13.05.2026, kl. 15.09