«Vi snakker lørdagspizza, vi snakker ekte kjærlighet». Det er ei strofe du kanskje kjenner til frå ei TV-reklame om Grandiosa sin laurdagspizza.
Den populære pizzaen blir produsert på Stabburet sin fabrikk på Stranda på Sunnmøre.
Men på 80-talet sto nettopp denne fabrikken i fare for å bli flytta. Og det er denne historia som no skal bli ein spelefilm. Det er fiksjon, men er inspirert av det som skjedde.
Arbeidstittelen på filmen har vore «Ekte kjærlighet».
←
Ein heil marknad vart bygga som sett for innspelinga av filmen.
Foto: Remi Sagen / NRK
Skinnjakker og buskete bart er in igjen i Stranda i desse dagar.
Foto: Remi Sagen / NRK
Regissør Petter Næss føl med på organiseringa av dei mange statistane frå bygda.
Foto: Remi Sagen / NRK
Vitnar sigerstog og flagging om ein lykkeleg slutt på filmen?
Foto: Remi Sagen / NRK
→
– Det er jo å kjempe for det ein trur på, og ikkje å gje seg. Det er på ein måte ei David mot Goliat-historie, seier regissøren av filmen, Petter Næss.
Filmen handlar om store aktørar som har kjøpt opp fabrikken, og planlegg å leggje ned hjørnesteinsbedrifta og sentralisere drifta.
Ei viktig historie å fortelje, meiner regissøren.
– Særleg i vår tid, når individualismen og ønsket om personleg rikdom er so stor, trur eg det å fortelje ei historie om kollektiv, om samfunn og det å skape ting i fellesskap er viktig. Dugnad, rett og slett, seier han.
Fleire kjende skodespelarar
Kjendisfaktoren på Stranda er høg medan innspelinga er i gang. Det er stas for dei som stiller opp som statistar i filmen.
– Eg har blitt fortalt historia om då dei sette alle klutar til for å redde fabrikken, og det syntest eg rett og slett er rørande. Eg syntest det er veldig stas, seier Kristin Storstein.
Kristin Storstein seier ho vart litt stjerneslått av alle skodespelarane ho no skulle jobbe med.
Foto: Remi Sagen / NRK
Ho vart starstruck av Pål Sverre Hagen, måtte sjå opp att Exit før innspelinga i Stranda.
Og Pål Sverre Hagen sjølv, seier det betyr mykje for han å komme til Sunnmøre, fordi han sjølv har familie her.
– For meg personleg er filmen litt som eit kjærleiksbrev til Sunnmøre, som er ein plass som har betydd veldig mykje for meg i livet.
Han trur filmen vil vere eit positivt bidrag til folket.
Pål Sverre Hagen, som er halvt ørsting, seier han set pris på å lage ein film som ikkje berre er filma i, men også handlar om, Sunnmøre.
Foto: Remi Sagen / NRK
– Eg trur alle kjenner no for tida at det er litt spent stemning. Ei positiv historie om folk som kjem seg gjennom noko vanskeleg, ikkje berre som individ, men som samfunn. Eg trur tida er god for det.
Høg bukseseleføring
Skodespelar Kristoffer Olsen er også med i filmen. Han skal spelar den store stygge ulven, som kjem frå Oslo.
– Eg er jo ikkje ein sånn fyr i utgangspunktet, og kanskje det er difor eg får litt ekstra hjarte for det som føregår på Stranda etter kvart i filmen.
Kristoffer Olsen sin karakter, finansmannen Henrik Dahl, skal vere lett å kjenne att på dressen og bukseselane sine.
Foto: Remi Sagen / NRK
Og kven han skal representere, kjem også godt fram i kostymet han har på seg.
– Eg skal ha på meg finstasen min. Eg skal jo vise fram den eg er. Og det er ein finansmann frå Oslo, det er veldig tydeleg i kva eg har på meg. Det er høg bukseseleføring, det er det inga tvil om.
Det er ikkje tvil om at 80-talsvibber vil skinne frå kinolerretet i «Ekte kjærlighet».
Foto: Remi Sagen / NRK
Og kan ein snakke om filmproduksjon i Møre og Romsdal utan å trekke fram Tom Cruise igjen?
Publisert
13.05.2026, kl. 05.48