Tekstforfattar Ingvar Hovland har skrive teksten til «Det kunne våre meg». Øystein Ellingsen har laga melodien i samarbeid med Stavanger-artisten Hanne Vasshus.

Ellingsen fortel at han og Ingvar Hovland arbeider tett saman og utviklar mange idear i lag. «Det kunne våre meg» blei til for nokon år sidan. Då arbeidde Ellingsen på Lundheim folkehøgskole, og han har framført songen der mange gonger.

– Eg veit at songen har vore til trøyst for mange, seier artisten og komponisten frå Egersund.

– Ingvar er flink med trøystesongar, legg han til, og forklarer at han og Hanne Vasshus har prøvd å la musikken fanga opp den same stemninga.

Høyr songen her:

Manar til empati

Då han spelte og song for elevane på Lundheim, hadde han alltid med seg tidlegare kollega Joe Rusi på elgitar. Rusi hadde den same rolla då songen blei spelt inn.

Songen blei sleppt på strøymetenestene 13. mai.

– Eg håper folk har lyst å høyra han, seier Øystein Ellingsen.

Han legg til at det ikkje bare er lundheimselevar som har høyrt songen før. Han har hatt han i repertoaret sitt og framført han ved fleire anledningar. Typisk har det vore i samanhengar der omtanke for andre har stått sentralt.

Med verselinjer som «en liten brist i sjel og sinn, kan kanskje sleppa lyset inn» og «kvar og en e knuseli, og ingen sleppe alltid fri» – og eit refreng som følgjer opp med «åh, det kunne vore meg», manar songen til empati med dei som ikkje har hatt det så lett i livet.

– Nokon av oss har vore heldige i livet, men ikkje alle har klart seg like godt, samanfattar Øystein Ellingsen.

EMPATI: – Nokon av oss har vore heldige i livet, men ikkje alle har klart seg like godt, seier Øystein Ellingsen.
Foto: Merete Horpestad

– Gøy

«Det kunne våre meg» er den fjerde utgivinga frå den produktive artisten i løpet av 2025 og 2026. Innspelinga har skjedd i Egersound studio, med Eirik Bekkeheien og Øystein Ellingsen sjølv som produsentar.

Ellingsen skildrar prosessen som «veldig gøy å halda på med» og han rosar dei gode folka han har hatt med seg i studio. I tillegg til Joe Rusi på elgitar, har han hatt med seg Håvard Strøm Ellingsen på slagverk.

I tillegg til å syngja, speler Øystein Ellingsen sjølv piano og bass. Han har òg tatt fotografiet til coveret sjølv.

Når han er klar med den neste songen, ligg det an til at denne kjem på ein EP – saman med dei fire andre han har gitt ut i år og i fjor.

Les også

Festivalprogrammet er komplett: – Vi nærmer oss utsolgt

Les også

Ny framsyning: Derfor set kyrkja opp dokketeater om bybrannen