Idet russetida no skulle starte for alvor over heile landet, vart to russebussar avskilta i Ålesund tysdag kveld.

Onsdag kveld har de begge framleis bruksforbod, og helgas russefeiring er usikker.

Russebussane hadde fleire alvorlege manglar, ifølgje Statens vegvesen.

Leif Jarle Bergseth, som er leiar for utekontrollen til Vegvesenet i Møre og Romsdal, seier at bussane vart stoppa i ein kontroll i Romsdalen tysdag.

Kort tid etter skal sjåførane ha stukke av med dei to svære russebussane.

Bussjåførane…brått køyrde dei berre, dei stakk frå kontrollen, så vi kontakta politiet ute i Ålesund, seier Bergseth.

NRK har forsøkt å kontakte bussjåførane utan å lukkast, men til Sunnmørsposten seier ein av dei at han køyrde vidare for å få fiksa det som ikkje var i orden.

Meiner det er tukla med nødutgangane

Bergseth i Vegvesenet seier at den eine bussen hadde ein stor eksoslekkasje, slik at eksosen gjekk rett ut i sida av bussen mot karosseriet.

Vegvesenet meiner det difor var ein viss fare for brann. I tillegg reagerte dei på konstruksjonen på taket der det var fleire store høgtalarar og musikkanlegg.

– Det var festa i taket med heimelaga lastesikringsfeste, som dei ikkje kunne dokumentere styrken på, seier den erfarne kontrolløren.

 Leif Jarle Bergseth i Statens vegvesen

Leiar for utekontrollen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal, Leif Jarle Bergseth, fortel om manglar knytte til tryggleik på bussane.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Ifølgje han var det rundt 3 tonn med ekstra musikkutstyr i den eine bussen.

– Så er det ei vekt i utstyret som ligg på taket, og ved ein bråbrems kunne det faktisk ramle av.

Bergseth trekkjer også fram fleire manglar knytte til tryggleik. Blant anna var nødutgangane i bussane modifisert.

  • Lydanlegg på tak

    Lydanlegg på tak

    Foto: Statens vegvesen

  • Folierte og lima nødutganger

    Folierte og limte nødutgangar

    Foto: Statens vegvesen

  • Defekt eksosanlegg russebuss

    Defekt eksosanlegg

    Foto: Statens vegvesen

  • Russebuss kontroll Roms

    Bilde frå kontrollen

    Foto: Statens vegvesen

  • Surrefeeste i finergulv til høyttalleranlegg

    Surrefeste i finergulv til høgtttalaranlegg

    Foto: Statens vegvesen

  • Bruddskada dumpertrailer

    Brotskadde dumpartrailer

    Foto: Statens vegvesen

  • Panoramabilde omlasting, sladdet

    Panoramabilde omlasting

    Foto: Statens vegvesen

– På den eine bussen verka ikkje nødopninga på dører. Det var teip på vindauget som skal kunne knusast for å komme ut av bussen, og den eine bussen hadde for små nødutgangar.

Bergseth poengterer faren for at russen vil få problem med å evakuere bussen dersom det skulle vore ei ulykke.

Russebil avskiltet, sov på bussen

Fleire av medlemmane på bussen Wrestlemania måtte overnatte i bussen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Blei avskilta på staden

Då bussane kom til Ålesund, etter ein nesten 100 kilometer lang tur, sto politiet klare for å stoppe dei. Der blei dei avskilta på staden.

Natt til onsdag har fleire av russane halde vakt gjennom natta for å passe på lydutstyr til store verdiar.

Russebil avskiltet, sov på bussen

Henrik Solesvik Honningsvåg sov i bussen natt til onsdag.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Henrik Solesvik Honningsvåg er ein av dei som sov ved bussen.

– Eg trur det har vore ei misforståing i kommunikasjonen mellom busselskapet vi brukar og Vegvesenet, og at det var ei uheldig hending som skjedde i går. Men eg trur dette kjem til å ordne seg ganske greitt, meiner han.

Før Tryvann kom full stopp

Kari Nessa Nordtun har flytta fleire av dei skriftlege eksamenane til starten av mai, i eit forsøk på å dempe presset og flytte meir av russefeiringa bort frå skuletida.

Til NRK tidlegare i år sa fleire russ at dei likevel kjem til å prioritere feiring.

Samtidig kjem også Tryvannstreffet tilbake for første gong på sju år. Frå 15. til 17. mai skal russ frå heile landet igjen kunne samlast i Oslo.

Men for fleire russ i Møre og Romsdal fekk årets feiring ein langt meir dramatisk start enn planlagt.

Avskiltet russebuss

Bussen må utbetrast og gjennom ein ny kontroll før dei får tilbake skilta.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Vil undersøkje kva som gjekk gale

Bussane er eigde av det svenske selskapet Bussexpressen.

Medeigar Alfred Svensson seier det er beklageleg det som har skjedd.

– Alle ting skal vere utbetra før den køyrer til Noreg. Vi har hatt dei på verkstad, og hos våre eigne mekanikarar også. Det er veldig beklageleg at dette har skjedd på vegen, seier han, og legg til:

– Det er sjølvsagt noko vi kjem til å undersøkje internt, korleis det har skjedd at bussane har kome til Noreg i ein teknisk stand som ikkje er 100 prosent.

Han seier dei no vil fokusere på å ordne opp i problema så snart som mogleg.

– Vi har sett så mange vi kan på problemet for å få det løyst så fort som berre mogleg, seier Svensson.

Publisert

13.05.2026, kl. 19.12

Oppdatert

13.05.2026, kl. 20.48